Biblioteket på Finnøy lånte ut 50 prosent fleire bøker i fjor
Både Finnøy og Rennesøy kan visa til ein formidabel vekst det siste året, samanlikna med året før.
FINNØY- RENNESØY: Det samla besøkstalet i Stavanger steig med snautt 10 prosent i forhold til året før. Trass i at året starta med koronarestriksjonar.
Biblioteka-det lokale limet
– Tala for 2022 viser kor viktig nettopp biblioteka er i kommunedelane. Både Rennesøy og Finnøy bibliotek kan visa til ein formidabel besøksvekst.
Ein av årsakene er at biblioteka i tillegg til betente opningstider fekk eit sjølvbetent tilbod i juni i fjor. Det betyr at alle lånarar over 16 år kan låsa seg inn med bibliotekkort frå klokka 06 om morgonen til 2200 om kvelden, kvar dag, heile veka. I tillegg har det vore godt besøk på fleire arrangement.
Dette viser at det å gjera biblioteka meir tilgjengeleg verkar og at folk bruker tilbodet. Eg håper at andre bydelar i Stavanger kan få det same tilbodet, seier bibliotek- og kulturhussjef, Anne Torill Stensberg.
Leiar på biblioteket på Finnøy, Merete Meling Kindingstad seier at biblioteket er ikkje som det ein gong var.
– Biblioteket følgjer med i utviklinga, og er oppdatert på de som skjer, me tek signal frå publikum. Det er ein av årsakene til at me er aktuelle. Også det faktum at biblioteket er sjølvbetent, har vore med å fleire folk til å bruka biblioteket. I tillegg har me mange aktivitetar, og ofte følgjer me same program som Sølvberget i byen, seier Meling Kindingstad.
Solid utlånsvekst
Medan det totale utlånet for alle biblioteka i Stavanger gjekk ned med 3,7 prosent samanlikna med 2021, opplever Finnøy ein utlånsvekst på meir enn 50 prosent. I Rennesøy var det ein svak tilbakegang på utlån på vel 1 prosent.
Nøkkeltal for Rennesøy og Finnøy 2022, samanlikna med 2021.
Utlån Rennesøy: 7339 (% – 1,45)
Utlån Finnøy: 8194 (+51,4)
Besøk på arrangement på Finnøy: 1821
Besøk på arrangement på Rennesøy: 1881
Besøk Rennesøy: 15909 (+83,76%, samanlikna med tal frå mars-desember i 2021
Besøk Finnøy: 15682 (+ 56,22 %, samanlikna med tal frå mars-desember i 2021.
Barn og unge låner mest
– Me har ein viktig jobb å gjera for å auka leselysten til born og unge i Stavanger. Det å kunne lesa er grunnleggande for å delta i samfunnet. Spådommen om boka sin død har ikkje slått til i år heller. Folk les og låner bøker som aldri før, seier biblioteksjef Anne Torill
Stensberg.