Låvekonsert, musikkbad og musikalsk gjestebud på Bru 44/4

Det blir junie-happening på Kulturbruket på Bru andre helga i juni. Linda Eide skal binda det heile saman, og Bygdakokken frå Finnøy blir med.

Det er klart for låvekonsert på Bru i juni.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

BRU: Kulturbruk 44/4 byr på låvekonsert både laurdag og søndag 11. og 12. juni .

Linda Eide åpnar konserten både laurdag og søndag med sine refleksjonar. Etter konserten laurdag blir det musikkbad, kor Eide er i samtale med musikarane.

Søndag vartar kulturbruket opp med musikalsk gjestebud med Bygdakokken frå Finnøy, mens musikarane spelar opp.

Ifølge Kulturbruket blir det nokre av dei beste kammermusikarane i landet som kjem.

«Det heile er leia og initiert av pianist Benedicte Palko. Ho er busett i Sevilla og underviser i kammermusikk ved høgskulen i Baskerland. 

Med prosjektet Palko&co ønsker å  gje noko tilbake til sin oppvekstregion, m.a. ved å arrangere Juni-happening på Bru.

Arrangmentet vart gjennomført for første gong i fjor,  ei stor og variert  oppleving for alle som deltok, frå Finnøy, Rennesøy og resten av regionen.

Musikarane spelar over heile verda, på ein låve på Bru og på kammerfesten i Stavanger i august.

Linda Eide deltar med refleksjonar knytta til musikken på dei to konsertane, og ledar eit musikkbad etter konserten lørdag.

Bygdakokken kjem frå Finnøy og leverer håndlaga lokal mat av det som veks og spring rundt på øyane her.

Musikarane møtes  til felles prøver her på tunet dagane før Juni-happening, overnattar i fjøset, deler brød og vin og lokal husmannskost, og er ein del av det fellesskapet som vi ønsker at Palko&Co skal vere», heiter det.

  1. Musikk