Snart skal det koma ei dagsturhytte på Fogn. Den vil vera liknande denne, som befinn seg i Vestland fylke.|Leiar i Fogn grendalag, Ole Klingsheim.

FOGN:

No er det avgjord. Den nye dagsturhytta på Fogn får namnet «Ørnareiret».

Forslaget kom frå Janne Aano Bø på Instagram, og ho får eitt årsabonnement hos Øyposten i premie.

Anette Bø Berge foreslo det same namnet, difor blei vinnaren av premien den som foreslo det først. Men ho får også heider og ære, samt ein blomst frå Fogn grendalag for forslaget.

Og begge kan skryte av å stå bak namnet på hytta på Fogn.

Lokal tilhøyrighet

Leiar i Fogn grendalag, Ole Klingsheim. Foto: FOTO: Privat

Navnekonkurransen for hytta blei laga i samarbeid mellom Øyposten og grendalaget. Sistnemnde valde ut sine favorittar, og vinnaren, blant alle forslaga som kom inn.

Nokre av dei mest foreslåtte var namn med «ørn» i forskjellige variantar, som spilte på stedsnamnet «Ørnakulå».

«Ørnaredet» og «Ørnareir» var også føreslått. Men dei endte opp med «Ørnareiret», då dei synest den versjonen passa best.

– Det var fleire slike forslag, men dette passa så godt til stedsnamnet. Me tenkte me burde ha noko som er på nynorsk eller dialekt, og at det har litt lokal tilhøyrighet, og me følte og at det måtte «klinga» og vera lett å sei, slik at det blir brukt. Då passa Ørnareiret best, seier leiar for grendalaget Ole Klingsheim.

Else Dybkjær f.v, Aina Hovden Lunde, Jakob Bø og Jarle Magnar Vikingstad måler opp kor dagsturhytta skal stå. (Arkivfoto) Foto: FOTO: Stavanger kommune.

Velklingande namn

«Dagsturhyttenes far», prosjektleiar Atle Skrede, synest «Ørnareiret» er eit godt namn til hytta på Fogn.

– Det er jo utrolig flott utsikt der, så det var eit velklingande namn, synest eg. Der får ein jo like god oversikt som ein ørn, seier Skrede.

Prosjektleiaren ser fram til å få også denne på plass, og har berre lovord om dei lokale på øya.

– Folket på Fogn er et fantastisk folkeslag, me møtte fleire av dei på befaring. Og eg veit det har vore ein god prosess mellom lokalavisa og grendelaget for å finne namnet. Eg veit den kjem til å bli tatt godt imot, og tatt vare på. Det blir ein viktig sosial møteplass på øya, seier han.

Prosjektleiaren seier han håper hytta på Fogn vil kome på plass rundt mai-juni til neste år, i det minste før Sankthansaften.

https://www.oyposten.no/2021/11/01/dagsturhytta-pa-fogn-er-klar-neste-sommar/

Dei fire andre som foreslo same namn i forskjellige varianter, «Ørnaredet» og «Ørnareir», får kvar sin blomst av Fogn grendalag. Desse er: Siri Lena Sangedal, Arvid Egeland, Tora Sandanger og Liv Bottolfs. De blir kontakta av grendalaget.

Her er dei andre forslaga:

,Ørnareiret, Ørnarede, Ørneredet, Fognabu, Ørnakulå, Revahiet, Øysikten, Fognareiret, Fognahiet, Ørnabua, Ørnahiet, Fognatopp, Kvilehytta, Fognahyttå, Perlå, Ørnahulå, RyVju (Ryfylke Viewpoint), Våres, Adle si, Lykkebu, Kvilebu, Vidsyn, Stikk innom, Kvisthålå, Ørnasikten, Opptur, Hyttebu, Utkikksbu, Utkikksposten, Trekanten, Treteltet, Hyttå/Hyttå på Ørnakulå, Ørnahyttå, Lykkelia, Drømmen på Fogn, Hovda, Utsikten,Skogslottet, Kvisten, Revehytta, Ørnakvilå.