Det majestetiske sjøhuset på Bru. Foto: Rune Nedrebø

BRU: Prisen, ein plakett pluss 50.000 kroner, blei overrekt av juryleiar Anders Fjelland Bentsen i sjøhuset på Bru torsdag.

Det er andre gongen verneprisen går til Bru. For to år sidan var det gardstunet Ingvarbakken på Bru, eigd av Kjartan Åsheim og Solveig Querneland som fekk prisen.

-Det er veldig kjekt at arbeidet vårt blir sett pris på, seier firmenningane Andres og Andreas Sørbø til Øyposten. Dei reknar med å bruka prispengane til vidare restaurering.

Det er god plass på loftet i sjøhuset, som er blitt brukt til sosiale samankomstar. Foto: Rune Nedrebø

Sjøhuset, som har ei grunn flate på heile 480 kvadratmeter, var både juryens favoritt, og også den kandidaten som fekk klart mest publikumsstemmer.

Sjøhuset blei bygd av den kjende haugianaren Daniel Danielsen rundt 1850 for å salta sild. Sjøhuset har også ein integrert bustad kor han budde så lenge han dreiv garden på øya.

Men i 1887 kjøpte tippoldefar til Andres og Andreas Sørbø sjøhuset, som sidan har vore i familien si eige. I 2003 begynte dei to prisvinnarane det møysommelege og omfattande arbeidet med å restaurera naustet. Mellom anna var noko av muren i sjøen sklidd ut og rotne stokkar og kledning blei skifta ut. Det same blei eternittplatene på taket frå 50-talet, som blei erstatta av 10.000 sandnespanner samla frå gardar i området rundt.

Karl Magne Sørbø trakterer trøorgelet til ære for Øyposten med salmen «Eg veit i himmelrik ei borg». -Det passar for eit bedehusorgel, synes han. Foto: Rune Nedrebø

Juryleiar Anders Fjelland Bentsen takka dei to blada Sørbø for den store innsatsen dei har gjort, og for måten dei har restaurert sjøhuset på.

-Det er imponerande, og det spesielle er at det er rehabiltert akkurat som det stod, utan ombygging, påpeika Bentsen mellom anna.

Restaureringa er gjort med stor eigeninnsats, i samarbeid med byggmeister Inge Haugvaldstad og med råd og støtte frå Ryfylkemuseet og landbrukskontoret.

Her er stilen frå fortida bevart. Platespelar og Huldra frå 70-talet. Foto: Rune Nedrebø

Huset blir i dag brukt til ulike formål, mellom anna lagring av båtar og utstyr til barnehagen på Bru. Andres sin son, Karl Magne Sørbø bur i dag i bustaddelen.

-Eg vil bevara bustaden så godt eg kan, i respekt for dei som tidlegare har budd her, seier Karl Magne Sørbø, som i anledning prisutdelinga åpna bustaden sin for omvising.

Kjøkkenet er truleg frå begynnelsen av forrige århundret. Foto: Rune Nedrebø

Det er som å trø over dørstokken til ei anna tid. Kjøkkeninnreiinga er frå begynnelesen av forrige århundret, mens det i stova tronar eit flott trøorgel frå Mosterøy bedehus. Ved veggen står ein reol med ein Garrad platespelar, ein Tandberg Huldra med tilhøyrande høgtalarar. Utrekksenga, som har fylgt leiligheten i mange år, er også på plass.

-Det kan vera både kaldt og trekkfullt med kalde golv her om vinteren, men eg synes like vel eg er heldig som får bu her, seier Sørbø.

Men når han fyrer i vedomnen i stova, slik han gjorde denne dagen, er det ein lun varme og ein god porsjonstemning frå fortida som spreier seg i den vesle leiligheten.

Gamle teiner lagar miljø i sjøhuset. Foto: Rune Nedrebø