STAVANGER: Etter seansen ombord i «Restauration» blei alle inviterte med på kino for å sjå filmen. Det blei ei sterk oppleving.

Filmen «Utvandrerne» forsøker å knyta utvandringa til Amerika opp mot den situasjonen mange av dagens flyktningar gjennomlever.

Inn mellom rulleteksten kjem det glimt frå menneske på flukt i den verda me i dag lever i. Poppe avsluttar filmen med ein tekst om at folk framleis må få kryssa grenser i sitt håp om å skaffa seg eit betre liv. Det er ein direkte parallell til utvandringa til Amerika, og også eit bakteppe for sjølve filmen.

Men utvandringa til Amerika, Australia, Sør-Afrika og New Zealand er nok eit eingongsfenomen, som ikkje kjem til å gjenta seg. Og den skjedde på bekostning av dei som budde der frå før.

Filmen er like vel eit sterkt vitnesbyrd om kva som driv folk bort frå heimlanda sine, frå familie slekt og vener. I dei aller fleste tilfelle er det nauda som driv dei.

Filmen «Utvandrarane» skildrar eit strengt svensk samfunn, knuga av fattigdom og religion. Håpet fanst over Atlanteren. Men lenge før håpet blir verkeleg, er prøvingane mange. Overfarten i storm og uvêr, kaoset i New York og slitet og einsemda på den amerikanske prærien. I filmen fylgjer me Kristina og Karl Oskar si reise frå Fattig-Sverige til Minnesota.

Filmen får også godt fram splittinga i det religiøse miljøet, som var reell. Fridomen i USA førte til eit uttal av religiøse retningar. Den kanskje sterkaste scena er oppgjeret den samvetsfulle og religiøse Kristina blir tvungen til å ta med den presten, prestefrua og den lutherske menigheten i nabolaget. Det var det nesten noko kiellandsk over.

Les du bøkene til Toril Brekke om den norske utvandringa, kunne filmen like gjerne handla om det norske miljøet. Det er ein god film, med ein god dose elendighet, men også med håp i seg.