Arne blei slått til riddar av Restauration
Venneforeininga til Restauration har slått 60-årsjubilant Arne Nordbø til riddar.
Onsdag kveld inviterte Arne Nordbø til open 60-årsfeiring i Finnøy fleirbrukshall med foredrag, enkel middag og konsert. Då blei jubilanten overraska på scenen av styret i Restauration Venneforening.
– Gratulere med dagen, Arne. Me vil gi deg ei gåve du aldri vil gløyme, sa frivillig koordinator Erling Reilstad.
Nordbø gjorde ein spesielt viktig innsats med blant anna å skaffe pengar då ideen kom opp for nokre år sidan om å bygge ein kopi av skipet Restauration.
– Utan deg, Arne, hadde me ikkje hatt denne utvandrarskuta, som blir eit ikon i den nasjonale utvandrarmarkeringa i 2025, sa Reilstad.
Nordbø blei beden om å knele. Så fant styremedlem Halvor Håvarstein i venneforeininga fram eit sverd som ha la på skuldrene til jubilanten. Med høgtidlege ord av styreleiar Ann Irene Sem-Henriksen blei Nordbø slått til riddar av Venneforeningen.
Kring 400 gjester var samla til det opne 60-årslaget. Tania Michelet heldt eit sterkt foredrag om sin veg frå Mao til Gud, med bakgrunnen sin frå oppvekst i ein hardbarka AKP-ml-familie. Nordbø sjølv i hop med vokalist Synnøve Aanensen og kyrkjebandet på Rennesøy spela gospelinspirert musikk.
– Folk skraut og let vel, og eg trur det gjekk sånn omtrent akkurat rundt, seier Arne Nordbø til Øyposten dagen derpå.