55 år med fiskefestival
Den tradisjonsrike fiskefestivalen på Sjernarøy blir arrangert på laurdag, i meir eller minder same form sidan 1968.
- Oddbjørg Måland
Det vil sei med fiskekonkurranse på dagen og dans om kvelden. Eit opplegg som har vist seg å funka i 55 år.
Håper på uteservering
I år som i fjor er det Atomic Band som spelar opp til dans på kvelden. Ein lokal trubadur skal «varma opp» for dansebandet frå Stavanger som har spela coverlåtar sidan 1974. Trommis Lars Ivar Tønnesen blei sjernarøybu for to år sidan.
– Skal jubileumsfestivalen markerast på noko vis?
– Ikkje eigentleg. Me satsar på tåleg bra vêr og uteservering. Blir det aktuelt er det nødvendig med bordbestilling, og det må skje før 13. juli. Viss ikkje blir arrangementet innandørs og då er det ikkje nødvendig. Akkurat no ser ikkje vêret ut til å bli det aller besta, men det skifter fort. Ofte tykkjer eg det blir finare enn det som meldast, seier driftsleiar i Sjernarøy Maritim, Thomas Genthner.
For tida jobbast det med å få på plass transport til og frå arrangementet, både med bil og båt.
Følg med på facebooksida til Sjernarøy Maritim.