Fullt hus på oktoberfest på Fogn

Det var så mange som ville ta del i den bayerske festtradisjonen i Sæbøvåg sist laurdag at arrangementskomiteen måtte sei nei.

Kristoffer Østhus og Kathrine Flesjå i godt slag under oktoberfesten hos Pia.
Publisert: Publisert:

Tradisjon

Pia Myrvold, naboane i Sæbøvåg og grendalaget stod i bresjen for arrangementet som blei til stor glede for alle dei 50 gjestene som melde seg på fyrst.

Trass i eit elendig vêr var det ingenting å utsetta på stemninga. Mange hyttefolk og tilreisande frå Stavanger kosa seg saman med fognbuen.

– Dette blei ein stor suksess som mange allerie har ymta frampå om at bør blei ein fast tradisjon. Arrangementskomiteen skal ha eit evalueringsmøte snart for å gå gjennom og samla trådane, fortel leiar i grendalaget Ole Klingsheim.

Det var fleire av dei frammøtte som stilla i «forrektige» oktoberfest-kostymar. Blant anna Kristoffer Østhus i Lederhosen og kona Kathrine Flesjå i matchande «Dirndl» som er namnet på den bayerske kvinnelege folkedrakten.

Ottar Sandanger, Bente Langeland og Merete Meling Kindingstad i godt lag på oktoberfesten.