To pedagogar kjem frå kulturskulen og inviterer barn mellom 2 og 6 år til ein koseleg halvtime med musikk, leik og dans.

Du kan lese meir om tilbodet under «Hva skjer» på Sølvberget Kulturhus sine nettsider.

Veronica Nagel-Alne er musikkpedagog og Marielle Norton er dansepedagog. Dei kjem for å inspirere dei små og foreldra til å nytte estetiske fag gjennom leik.

– Me vil engasjere barna gjennom å bruke rim og regler, og til aktivitetar som let barna utforske sin eigen kropp. Her speler me på fantasi og førestillingsevne, og håpar at barna i øyane vil bli med oss på dette, seier Nagel-Alne til Øyposten.

Ho fortel vidare at dei har gitt same tilbodet både på biblioteket i Stavanger og på Stavanger Konserthus.

– Det har vore veldig kjekt, seier ho.

– Samstundes vil eg invitere foreldre til å følgje med på nettsida til Stavanger Kulturskule. Me har opne dagar innimellom, der de kan kome på besøk og sjå kva me driv med på kulturskulen.

Om danseleik skriv kulturskulen:

«Barna introduserast for dans gjennom leik og kreativitet, og vil gjennom undervisninga bli betre kjend med dans som uttrykksform og sin eigen kropp sine rørslemoglegheiter. Passar for alle barn, både gutter og jenter, som liker å bevege seg til musikk.»

Om musikkleik skriv dei:

«I leik med songar, rim og enkle instrument får barna oppleve gleda med musikk og rytme, og samstundes utvikla både grov- og finmotorikk.»

Arrangementa er eit samarbeid mellom Sølvberget og Stavanger kulturskule, og gratisbillettar finn du på linticket.no.