Opne kyrkjer i sommar
Fleire av kyrkjene i Finnøy og Rennesøy er opne i sommar.
- Oddbjørg Måland
RENNESØY: Sommaropne kyrkjer er vanleg over heile landet, i varierande grad. Her kan alle som vil komma for å kjenna på roen, samla tankane, be ei bøn, tenna tenna lys, eller ta ein kopp kaffi der det er mogleg.
På Rennesøy har Sørbø kyrkje vore sommaropen i mange år, og mange har nytta seg av moglegheita til å sjå nærmare på kanskje den mest autentiske middelalderkyrkja i landet.
-Me ser i gjesteboka at det er mange som er innom Sørbø kyrkje i løpet av sommaren, også mange utlendingar. Det et er kanskje ikkje så rart all den tid kyrkja ligg lett tilgjengeleg ved E39. I tillegg er det jo ei spesiell og flott kyrkje som er interessant for mange, seier medaberidar i Rennesøy og Mosterøy menighet, Reidun Kyllingstad.
Desse kyrkjene er opne i sommar:
RENNESØY:
Sørbø kyrkje: Kvar dag klokka 1000 - 2000
Utstein kloster: Kyrkja. Middagsbøn klokka 1300 i regi av Utstein pilegrimsgard
FINNØY:
Talgje kyrkje: Kvar dag, 24 timar
Hesby kyrkje: 10.- 16.-17.- 24. 30. og 31. juli klokka 1200 - 1400
Sjernarøy kyrkje: 20.juli klokka 1200 - 1400
Fogn kyrkje: Torsdagskafè klokka 1100 - 1400