Skitten bil? Neste helg kan du få gratis bilvask

Du får vaska bilen din gratis, det einaste arrangørane ber om er at du vurderer å avsjå nokre kroner til eit godt føremål.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Illustrasjonsbilde.

RENNESØY: Torsdag kunne du lesa at ungdommen i klubben «Stream» inviterer til gratis aktivitetsdag på Rennesøy. No spanderer dei også bilvasken.

Ønsker donasjoner

Og alt skal vera gratis for alle som tar turen den dagen. Dei vil samla inn penger til ein barneheim i Colombia, og håper difor å få inn litt pengar frå donasjonar og sponsorløp i staden.

Ungdomsklubben «Stream»: Foran frå venstre: Tom Egill, Anna Tobie, Emma, Eirik, Malene og Lars Tore i Stream. Bak frå venstre: Filip, Ørjan, Ronja, Isaac, Ida og Jakob.

I utgangspunktet fekk klubben nei frå Stavanger kommune, når det gjaldt bilvask. Årsaka var at det ikkje skulle vera godt nok avløp i området ved brannstasjonen.

Leiar for klubben, Tom Egill Tobiassen, håpte likevel at dei skulle ombestemme seg, og fredag fekk dei altså grønt lys.

Hvis du vil «shine» opp bilen og få deg eit kakestyke i samme slengen, kan du altså få gjort begge deler i Vikevåg neste søndag.

https://www.oyposten.no/2021/09/16/ungdommar-inviterer-til-festdag-i-rennesoy/