Jon Tore Helland i Rennesøy Kystlag gledar seg til at det skal bli Rennesøydag igjen neste år og inviterer interesserte både frå Rennesøy og Finnøy til å delta.

RENNESØY

:  - Det blir veldig kjekt å få Rennesøydagen opp og stå igjen. Kommunedelen treng eit samlingspunkt, meir enn nokon gong etter at me blei ein del av Stavanger, seier primus motor Jon Tore Helland i Rennesøy Kystlag til Øyposten.,

Saman med leiaren i kommunedelesutvalet, Terje Øvrebø, har han i desse dagar sendt ut invitasjon til bedrifter både i Rennesøy og Finnøy om å vera med. Påmeldingsfristen går ikkje ut før i februar, men det blir oppfordra om å vera tidleg ute med påmelding for å vera sikra plass.

Mange planar

Sist Rennesøydagen blei arrangert, i 2019, var det 41 utstillarar og 1000-1500 besøkande. Arrangørane håpar på minst same responsen i år.

Detaljane for opplegget er ikkje klart, men ifølge Helland er det lansert mange idear som nå skal «fintyggjast».

Sist det var Rennesøydag var det mellom anna «Rennesøy Opp», som var eit knallhardt motbakkeløp frå Vikevåg og opp til Pilå. Vinnarane blei krona som «Dronninga» og «Kongen» av Rennesøy. Noko liknande kan også bli arrangert denne gongen, etter kva Øyposten forstår.

Elles vil lag og organisasjonar i kommunedelen bli invitert til å visa seg fram og presentera seg.

På kaien og i Meieriet

- Rennesøydagen er ein god mulighet til å visa ansikt for bedrifter både i Rennesøy og Finnøy, og for lag og organisasjonar, seier Helland.

Arrangementet planlegg å ta heile kaiområdet i Vikevåg i bruk, pluss kulturhuset Meieriet. Det vil også bli invitert til dugnad og bedrifter vil få anledning til å sponsa og profilera seg.

Rennesøydagen er planlagt seint i august for å unngå kollisjon med Tomatfestivalen på Finnøy.

- Rennesøydagen er ingen konkurrent til Tomatfestivalen, som er eit mykje større arrangement. Men etter at bommen i Finnfast blei borte har dei to øyane kome nærare kvarandre, og me håpar at også finnøybuen finn vegen til Vikevåg denne laurdagen i august, seier Jon Tore Helland.