Dette er den nye sentrumsforeininga i Finnøy, men Tove Rosland frå Kaihuset manglar på bilete. F.v: Marie Therese Reilstad, Erik Linndal og Cathrine Selvaag.

FINNØY:

Og det skal den nye sentrumsforeininga «Ka skjer på Finnøy» syta for.,

– Finnøy skal bli den nye julebyen, smiler Marie Therese Reilstad i Finnøy Blomster og Interiør. Saman med Hauske Tre, Ryfylkekokken og Kaihuset jobbar dei for at Finnøy skal bli det føretrekte reisemålet for dei som jaktar den varme julestemninga og dei unike julegåvene.

– Kanskje eit litt hårete mål, men det er draumen; at folk frå byen og andre stader, skal ta juleshoppinga på Finnøy. Me kan i alle fall ta mål av oss om å bli ein juledestinasjon. Kor kjekt hadde ikkje det vore? smiler Marie Therese.

Julehjarter

I samband med julegrantenninga sundag skal 10 nye knallraude julehjarter innviast.

Mange har sikkert sett det flotte hjartetreet i enden av Breiavatnet som dukkar opp kvar november. No har den nye sentrumsforeininga fått dei same hjartene til Finnøy med støtte frå kommunen, medan lysa er sponsa av Finnøy Elektro.

– Desse hjartene er me så utruleg glade for. Dei skal henga i trea ved Bethel. Der vil dei vera godt synlege for alle som ferdast forbi eller kjem med båt. Det blir liksom ein bit av byen i Finnøy. Me er takksame for at Coop'en sponsar godteposar til ungane, og at me har barnekor og korps som syter for god stemning når julegrana tennast på Judaberg.

Og det blir meir jul på Finnøy. MS Rogaland kjem frå Stavanger til Judaberg laurdag 11. desember, fullasta med byassar som vil oppleva julestemning på Finnøy. Det blir besøk både til sølvsmeden og Landahuset. Og ikkje minst blir det løekino på Hauske den 11.-12. og 18.-19. desember.

Variert meny

– Me har mykje kjekt å by på for store og små, juleverkstad og nisjebutikkar og mange aktivitetar. Saman skal me sytra for at dei tilreisande kjem til å huske Finnøy som ein stad dei vil tilbake til, fortel Cathrine Selvaag i Ryfylkekokken.

Men den nye sentrumsforeininga skal virka utanom jul også.

– Me vil gjera Finnøy attraktivt året rundt, og har allereie byrja planlegginga av sentrumsdag i juli, og meir skal det bli. Men akkurat no er jul det dreier seg om, og alt det kjekke som skal skje i sentrum i tida fram mot jul.

Følg sentrumsforeininga på Facebook: Ka skjer på Finnøy