Inviterte til hundetreff i eigen hage

Christoffer Østebø opna hagen sin på Talgje for eit titals hundeeigarar med tilhøyrande lundehundar søndag formiddag.

Christoffer Østebø og Liv Skjervik har i helga invitert til lundehundtreff på Talgje for 25. gang.
Publisert:

På Talgje har det i helga vore Lundehundtreff. Christoffer Østebø hadde lundehund i mange år, men i år stiller han berre med hage og grill.

– Eg har ikkje hatt hund sjølv sidan 2016. Det har vorte vanskeleg å ha hund når dei ikkje lenger får gå fritt. Det er jo bandtvang i heile kommunedelen, fortel Østebø til Øyposten.

Hundane hans pleidde å gå fritt og vere med ham der han arbeidde på garden, og dette er ikkje lenger lov. Men hundane er han framleis begeistra for, og difor har han fortsett å invitere til det årlege lundehundtreffet på Talgje.

– Det er eit godt miljø i lundehundklubben, fortel han.

I år har dei jubileum. I 25 år har dette vore ein tradisjon, og fleire reiser langt for å bli med.

Flotte hundar

– Dei er flotte hundar, seier Østebø. Det krelar av små, brune og kvite hundar i tunet hans. Dei små hundekroppane kan bøyast og tøyast i alle retningar, og dette drar hundane nytte av for å kome seg inn i små opningar og holer. Dei er også kjende for å ha ei ekstra tå på kvar fot. Utsjåandet kan minne om ein rev, med kvite haletippar og spisse andlet.

Lundehundane koste seg i leik med barna som deltok på treffet.

– Dei blei opphavleg nytta til å jakte på lundefuglar. No blir dei nytta på ulike vis. Nokon blir utdanna til terapi- og besøkshundar. Fordelen med denne rasen, er at dei er små og kosete, og då er dei gode å nytte til dette formålet.

– Hundane blir og nytta til å hente måseegg rundt flyplassen, fortel Liv Skjervik. Måsane kan ikkje hekke her, for det er farleg for både fuglane sjølv og for flytrafikken.

– Det første året me lånte ut hundar til dette, blei det henta inn over 100 måseegg. No er det knapt måsar igjen rundt flyplassen.

Tur og grilling

Før grilling og kos, går hundeeigarane ein tur rundt Søyla på Talgje. Praten går om både hundar, politikk og dei fine landskapa i området. Det er tydeleg at den årlege Talgjeturen er noko dei ser fram til.

– Me pleidde å ha treffet rundt pinsetider tidlegare, fortel Skjervik.

– Men det hendte at me ikkje fekk plass på ferja, så det er ein del år sidan me flytta det til august/september. Nokre år har me hatt rundt 30 deltakarar på treffet, så det er sjølvsagt meir lettvint å køyre gjennom tunnelen.

Mange hundeeigarar og hundar var med på den årlege turen i marka på Talgje.

Lundehunden er ein gammal rase. Petter Dass skreiv om lundehunden i Nordlands Trompet i 1696. Under krigen heldt rasen på å dø ut på grunn av ein epidemi av kvalpesjuke, men etter målretta avl på rasen, er han igjen berekraftig.

Publisert: