Robåt funnen i fjøresteinane på Ladstein
Ein lettare maltraktert oselvar robåt er funnen på Ladstein på Finnøy.
FINNØY: Det var Ole Jan Naaden som fann han nyleg. Naaden har tatt vare på båten, men opplyser at han er ein del skadd.
-Heile kjølen er borte, så det vil nok kosta litt å setja han i stand, seier Naaden til Øyposten.
Det er ein robåt av typen oselvar. Den berømte båttypen er bygd i furu og eik, og lengda kan variere frå 4,5 meter til 10 meter.
Oselvar er brukt til kapproing sidan 1847, og til kappseiling frå 1871. Sidan 1978 er det blitt arrangert NM oselvarseiling . Båttypen finst på mange museer, både i Norge og i utlandet.
-Viss ingen hentar han endar han som blomsterbed, seier Ole Jan Naaden.
Viss det er nokon som saknar båten kan dei henvenda seg til Naaden og få han igjen.