Haugesundar Vidar Johnsen syng vare viser med ein enorm trøkk i stemma. Laurdag kveld heldt han ein to timar lang konsert i Ottohuset på Judaberg.

– Eg er ikkje så kjend, så eg er fornøgd eg med at det kjem så mange, sa Johnsen undervegs i konserten.

Kan hende ikkje heilt truverdig, med fem til ti ledige stolar i det vesle lokalet. Den tidlegare Vamp-vokalisten hadde fortent heilt fullt hus, meiner nå Øyposten.

Dei kring 20 som var til stades fekk i alle høve ein fin kveld med musikalske perler på ei snor. Johnsen starta med «13 humler» og avslutta med «Månemann» som ekstranummer. Tida i Vamp er på ingen måte viska ut.

– Det var koseleg her. Viss de vil så kjem eg gjerne tilbake, sa Johnsen.

Ottohuset har faktisk eigen bar. Ylva Jacobsen stod for serveringa. Foto: Sigbjørn Høidalen