Fruktbare Hanne lagar plate på Sjernarøy

Hanne Vasshus ventar ikkje mindre enn to babyar. Den første, den nye plata kjem i desember. Den andre, barnet hennar er venta i januar.

Steven Bishop og Hanne Vasshus i gang med plateinnspelinga heime hos henne på Sjernarøy.
Publisert:

SJERNARØY: For første gang blir det spelt inn ei plate på Sjernarøy. Det er Hanne Vasshus som er i gang med sitt nye plateprosjekt «På avstand» i samarbeid med musikaren og låtskrivaren Karianne Arntzen.

Fem av songane på den nye plata er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to, og ein song har Hanne Vasshus skrive sjølv.

Hanne Vasshus byd på kaffi og heimebakst då Øyposten er på besøk under plateinnspelinga. Hanne tek mot oss, rund og blid, for nå viser det godt at ho om ikkje så lenge skal ha få sin førstefødte.

-Det blir ei jente

Hanne Vasshus har to gleder ho ser fram til, den nye plata og babyen.

-Det blir ei jente, røper ho, men navnet er foreløpig hemmeleg.

Hanne Vasshus braut med bylivet i 2020 og flytta til Sjernarøy som lærar. Der stortrivst ho, og midt oppi alt styret med å stifta familie, har ho også hatt overskot til å laga ny plate. Hanne Vasshus fekk Stavanger kommunes kulturpris i 2016.

Tittelen på plata er dermed ikkje tilfeldig. Det er avstand til byen og ein indre avstand ho ynskjer å få fram på plata.

-Det er både eit tilbakeblikk og eit farvel, legg ho til.

Hanne Vasshus og produsent Steven Bishop har samarbeidd i mange år.

Plate med lyden av Sjernarøyane

Det blir ei plate utelukkande på dialekt, Stavanger-dialekt, og er den første ho gir ut med bare norske tekstar.

-Det kom veldig naturlig, eg opplever at tekstane blir meir ærlege på min dialekt, seier Hanne Vasshus.

Ho legg til at ho også vil prøva å fanga lyden av Sjernarøy på plata. Ho har alt vore ute og tatt opp fuglesongen på Kyrkjøy, i vår, som skal med på plata. Utruleg vakkert, meiner ho sjølv.

-Dessutan vil eg ha med lyden av bølger som slår mot land. Det blir stilig. Me var i Skyljarvik her på Kyrkjøy for å gjera opptak av det, men då var det blikk stille, seier Hanne.

Men lyden av havet som omkransar øyane ynskjer ho like vel å ha med.

Coveret til plata er alt ferdig. Det gir eit nakent og vakkert utrykk, fotografert av Anita Hamremoen på småbruket hennar «Myrå» på Kyrkjøy.

Utestaden Martinique i Stavanger har alt booka henne inn, 26. november, og det blir den einaste konserten ho gir med den nye plata.

-Får me ei mjukare plate nå når babyen er på veg?

-Ja, kanskje, det blir ei rolegare plate. Det blir ikkje trommer på henne, bare bass, trøorgel og strengeinstrumenter, svarar Hanne Vasshus. I tillegg til å vera spelt inn på Sjernarøy, fekk ho og produsent Steven Bishop låna studioet til Frode Ytre-Arne ei helg i august.

Festivalen i Myrå tek eit års pause

-Me har samarbeidd lenge, seier ho om samarbeidet med Steven Bishop.

Hanne Vasshus og Mari Hauge har i to somrar samarbeidd om hagekonsertar på småbruket Myrå på Sjernarøy, men nå tek Hanne ein pause. Det betyr at det ikkje blir nokon sommarkonsert hos henne i 2023.

-Men i 2024 er festivalen tilbake, legg ho til.

Nå gledar ho seg både til å få ferdig plata og til babyen som kjem. Ho kjem til å bli åleinemor, men har familie rundt seg på Sjernarøy. Systera og mannen bur der.

-Eg skulle gjerne funne meg ein partner, men det blei ikkje slik. Difor er eg så taknemlig for at det er mulig å få ein familie like vel, at staten har lagt til rette for kunstig befruktning for kvinner som er åleine. Det betyr veldig mykje, seier Hanne Vasshus.