Rabalders skal få dansefoten fram på Finnøy
Rabalders gledar seg til sin første opptreden på Finnøy laurdag. Bandet reklamerer med god dansemusikk med energi, humor og fart.
FINNØY: - Me har ikkje spelt på Finnøy før, og er sjølvsagt spent. Men me har høyrt at folk på øya er flinke til å møta opp når noko skjer, seier Øyvind Eikre i Rabalders til Øyposten.
Dørene i Fleirbrukshallen åpnar i morgon halv ni, og stengjer igjen klokka eitt.
-Det blir god dansemusikk som er ein blanding av country, danseband, gammaldans og vestlandsmusikk, opplyser Eikre.
Rabalders turnerer stort sett i Rogaland, Agder og Sunhordland, men har også forespørslar frå resten av landet og Sverige.
-Kvifor navnet Rabalders?
-Det er fordi me likar å vera litt uhøgtidelege, ha masse moro og mykje energi med postive hermetegn, seier Øyvind Eikre.
Bandet er ein duo, som i tillegg til Øyvind Eikre frå Karmøy består av Harald Undheim frå Jæren.