Nynorskfolket i Stavanger samlar kreftene

Fire mållag i Stavanger, eit i Rennesøy, to i Finnøy og eit i Stavanger slår seg saman til eit mållag. Håpet er at det skal styrka kampen for å bevara nynorsken.

-Dette vil styrka arbeidet for nynorsken, meiner Bjarne Kvadsheim, leiar i Stavanger Mållag.
  • Rune Nedrebø
Publisert:

FINNØY-RENNESØY: Som siste laget ut vedtok mållaget på Finnøy tysdag å gå saman i det nye mållaget for Stavanger. Tidlegare har Rennesøy og Sjernarøy Mållag gjort det same, og også Stavanger Mållag er inne i same prosessen.

Gunvor Helle Eiane, leiar i Rennesøy Mållag, seier ho håpar dette vil styrka nynorsken i dei to kommunedelane Rennesøy og Finnøy.

-Nynorsken er under press i dei to kommunedelane, men ved å samla kreftene trur eg me vil stå sterkare. Mållaga i øyane har vore små, og aktiviteten har variert. Nå blir me samla i eit større mållag, seier Helle Eiane til Øyposten.

Ho ser fram til å vidareutvikla mållaget i den nye kommunen, og meiner Stavanger Mållag vil få ei viktig oppgåve i å vakta om nynorsken i skulen i Finnøy og på sjølve Rennesøy.

Også Bjarne Kvadsheim meiner det er rett nå å gå saman i eit mållag. Stavanger Mållag har rundt 300 medlemmer, og er, ifølge Kvadsheim, eit oppegåande lag med mange ressurspersonar.

-Ein viktig del av arbeidet er jobben inn mot kommunen for å sikra nynorsken si stilling. Me har mellom anna med oss fleire politikarar som vil vera gode å trekkja på i den samanheng, seier Kvadsheim.

Når samanslåinga formelt er i orden, ynskjer han å markera det med ei tilstelling på Utstein Kloster med tilhøyrande festmiddag etterpå.

Stavanger skal i haust ha nynorsken si stilling opp til politisk behandling, og Kvadsheim har alt sørga for at mållaga skal bli høyrde i den samanheng.

-Korleis ser du på nynorsken si stilling i øyane?

-Folk er ikkje så medvitne om nynorsken som eg skulle ynskt. Til dømes kjem all informasjon frå innbyggartorga på Finnøy og Rennesøy på bokmål, sjølv om nynorsk er dominerande i Finnøy og også har eit stort innslag på Rennesøy, påpeikar Kvadsheim.

  1. Nynorsk