Elizabeth (20) fekk endeleg sjå foreldra igjen etter to år

Koronapandemien har skapt problemer i kvardagen til dei fleste. For Elizabeth Miranda Pettersen førte det til at ho ikkje fekk sjå familien på rundt to år.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY/BOLIVIA:

– Eg har ikkje ord for å beskrive korleis det føles å endeleg få ein klem du har venta på i to år av nokon du elsker med heile ditt hjarte. Spesielt etter all usikkerheten og utfordringane med pandemien, seier Elizabeth Miranda Pettersen.,

For nokre veker sida fekk 20-åringen endeleg reist tilbake til heimstaden hennar i Cochabamba, Bolivia. Då fekk ho eit etterlengta gjensyn med foreldra sine, venner, og øvrig familie.

–  Foreldra mine driv også ein barneheim der, så eg gleda meg til å vera med barna der også, seier ho.

«Omikron»-problemer

Elizabeth Miranda Pettersen bur for tida i Stavanger saman med kjæresten Victor David, kor begge jobber og studerer. Pettersen jobbar som fritidsleiar på Rennesøy.

Dei reiste til Bolivia saman. Dermed fekk han helse på familien og vennene hennar for første gongen.

 JULEFEIRING: Elizabeth Miranda Pettersen og familien feirer jul med barna på barneheimen «Arken» som foreldra hennar driv. Her med Alejandro, Marcos, Isaias og Mateo.

Ikkje lenge før dei endeleg skulle starte reisen til Bolivia, blei det oppdaga «omikron»-smitte i Norge. Nokre dager før var det difor stor uvisshet om dei framleis ville kunne reise, dersom det kom eventuelle nye restriksjonar.

– Det største problemet før me reiste no var at den nye koronavarianten kom til Norge, samt auka smittetall i landet. Me var bekymra for at landet skulle stenge igjen, eller at me skulle bli stoppa på vegen på grunn at me kom frå eit land med omikron, seier Pettersen til Øyposten.

Paret var begge fullvaksinerte og hadde alle papirene dei skulle trenge for turen, som koronapass, negativ PCR-test, samt reise- og helse forsikring.

– Men likevel visste me ikkje om det ville vera nok, og det var ein risiko for at me kunne bli sendt tilbake ved fleire grenser i andre land, seier ho.

Men heldigvis gjekk det, og paret kom seg trygt fram til Cochabamba.

Mange stader å kalle «heim»

 GJENSYN: Elizabeth Miranda Pettersen fekk endeleg sjå mamma May Kristin igjen etter to år.

20-åringen flytta til Noreg for rundt fire år sida, i 2017. Då gjekk det også lang tid før ho fekk sett familien igjen.

– Eg reiste heim igjen for første gang i jula 2019. Planen var jo å reise heim igjen jula i 2020, men på grunn av pandemien blei det ikkje mogleg. Foreldra mine fekk heller ikkje sjans til å besøka meg i Norge av samme grunn, fortel Pettersen.

Ho har kjent litt ekstra på avstanden, oftest rundt spesielle dager.

– Morsdag og farsdag synest eg har vore spesielt vanskeleg. Dette året hjalp nokre venner i Bolivia meg med å fikse ein gave til mamma. Dei bakte hennar favoritt; kanel i svingane, og kjøpte blomster til henne frå meg. Det var veldig stas å sjå mamma sin reaksjon på Facetime.

«Eg er så heldig at eg har mange stader eg kan kalle heim.»

Fritidsleiaren har likevel følt seg som heime, også her i Norge.

– Eg fekk mulighet til å feire jul med ein fantastisk familie som bur på Østhusvik. Sjølvsagt er det sårt å vera langt vekke frå dei eg er glad i, men eg har blitt veldig godt tatt vare på av snille menneske her. Eg er så heldig at eg har mange stader eg kan kalle heim, seier Pettersen.

Følte seg hjelpelaus

Dagens teknologi har vore ein livreddar for Pettersen og familien gjennom pandemien.

– Eg kan ikkje påstå eg har blitt vand med distansen, men etter fire år har det blitt lettare, og vanskelegare, å vera langt vekke.

 FAMILIE: Elizabeth Miranda Pettersen (i midten) med familie i Cochabamba i Bolivia; pappa Gonzalo (f.v.), søster Alicia, tantebarna Sofia og Sarahí, kjæresten Victor David og mamma May Kristin.

,– Eg følte meg veldig hjelpelaus då covid-19 kom, og situasjonen i Bolivia ikkje var på langt nær så funksjonell som i Norge. Pappa blei sjuk med korona to ganger, og mamma var i remisjon

(i betring, red.anm.)

for hudkreft. Så eg var veldig bekymra for dei. Ein blir sterk og modig når ein må vera langt vekke frå sin eigen familie, det er ikkje akkurat slik at eg kan ta meg ein køyretur for å sjå dei. Teknologien har vore fantastisk for oss som ikkje kan dele livet ansikt til ansikt, fortel ho.,

– Opplevde du at mykje hadde endra seg i heimlandet då du kom tilbake?

– Ja og nei. Livet må fortsette. Men landet, og familien min, har blitt veldig prega av pandemien. Me har mista mange me var glad i på grunn av viruset, seier ho, og held fram:

– Så det var ikkje som det pleier å vera. Me var ikkje ute ofte, og me holdt oss mest heime for å vera trygge. Ein blir desinfisert før ein kan komme inn på dei fleste plassene, ved at dei sprayer alkohol på hender og klede. Og munnbind er påbode både inne og ute der, uansett, utanom i bustaden. Men ellers er ting stort sett det samme, seier Pettersen.

«Eg følte meg veldig hjelpelaus då covid-19 kom.»

Nyforlova

Fire veker heime i Bolivia med julefeiring gjorde godt for Pettersen.

– Det var kjempe koselig. Vår jul er eigentleg ganske unik, uavhengig av at me feirer boliviansk

 FRIERI: Turen toppa seg då Elizabeth Miranda Pettersen blei fridd til av kjæresten Victor David ved Kristus-statuen. Og svaret blei «ja!»

jul, fordi me pleier å feire jula på barneheimen. Det er ein veldig spesiell opplevelse.

Alle barna får to-tre presanger kvar, og det er skodespel og danseførestillinger.

– Dei er også familien min, og det er det jul er, for meg, fortel ho.

Mora hennar er norsk, og den sida av familien bur dermed i Norge. Men medan Pettersen er vakse opp i Cochabamba, er faren og familien hans opprinneleg frå La Paz. Difor har dei også vore der ein tur i løpet av reisen, slik at kjæresten fekk helse på resten av familien.

– Kva var det beste med denne reisen?

– Å feire jul med familien, men også det å sjå venner igjen, og aller mest at eg blei forlova på lillejulafta! Det var veldig viktig for meg at forloveden min fekk møte heile den utvida familien min, og at han fekk sjå heimstaden min, kor eg vaks opp, seier ho.

– Vanskeleg å sei farvel

Då Øyposten snakka med Pettersen var det ikkje lenge til det nyforlova paret skulle reise heim igjen til Norge. Då var dei engstelege for korleis heimturen ville bli.

 NYFORLOVA: Elizabeth Miranda Pettersen saman med forloveden Victor David.

– Eg gruer meg veldig. Ikkje berre fordi eg synest det er vanskeleg å seie farvel, men også fordi det ikkje er berre-berre å reise under ein pandemi.

– Eg er veldig engsteleg over heile situasjonen, og me vil vera så ansvarlege som mogleg sidan me har fått muligheten til å reise. Det er veldig mange skjema som må fylles ut, og forsiktighetsregler som må følges. Men slik er det, så me gjer så godt me kan.

Ho understreker at dei har testa negativt både frå før utreisa og frem til nå.

– Me håper det held seg slik. Å komme inn igjen i Norge må berre bli som det blir. Me er ganske sikre på at me kjem inn i landet på ein eller anna måte. Me skjønner godt viss me må i karantene. Me vil møte situasjonen som den kjem og vil følgje alle covid-19-restriksjoner landet påbyr, avslutter Pettersen.

Publisert: