Video: Sjå elevane dansa BlimE-dansen
Fredag fekk Øyposten vera med då elevane frå 1.-7. klasse på Sentralskulen dansa, «saman» med elevar over heile Europa – for inkludering og venskap.
- Oddbjørg Måland
FINNØY:
Kvart år i 11 år har NRK Super invitert alle skular og barnehagar til å dansa den såkalte "BlimE-dansen" saman. Det er ein felles dans mot mobbing og utanforskap. I år blei dagen for dansen fredag 19. november.,
Litt før oppsett tid stilte elevane opp på fotballbanen og dansa med liv og lyst.
Elevane i 3. klasse har øva på dansen i heile haust og fekk stå lengst framme, slik at viss nokon skulle gløyma seg litt ut, ja, då var det berre å sjå på dei. Og den gjengen kunne sakene sine, både tekst og «moves.»
Alle er verdifulle
BlimE! er NRK Super sin venskapskampanje der målet er å fremja venskap og omsorg for kvarandre. Kvar år vert det lansert ein song med tilhøyrande dans, der hensikta er å styrka samhaldet på skulane
Gjennom å danse den tradisjonelle dansen viser elevane at det er nettopp det dei gjer. Uansett kven du er eller kor i verda du bur, alle er like verdifulle og unike.
,Slagordet er:
«Si hei! Vær en venn! BlimE!»
NRK Super si venskapskampanje BlimE blei arrangert fyrste gong i 2010. De siste to årene har om lag 400.000 barn dansa BlimE-dansen samtidig. I fjor blei dansen gjennomført i Spania, Tyskland, Belgia, Kosovo, Tsjekkia, Ungarn, Litauen, Georgia, Slovenia, Italia og Japan.
Årets "BlimE" song av Nicolay Ramm har ligge på VG-lista i åtte veker.