Klar for Haugefestival i Stavanger

Arrangørane lovar fagseminar, byvandring og rett og slett Haugefest, for å markera 250 års-jubileet for Hans Nielsen Hauge.

Illustrasjon for Haugefestivalen av Jens Flesjå.|Haugefestivalen illustrert av Jens Flesjå.|Aril Schøld (f.v.) på gitar, Svanhild Eggebø Spanne som gardskone, Tor Øyvind Skeiseid som Hans Nielsen Hauge, Silje Vignes Flesjå som pen frue og Tolli Frestad som prest i spelet om Hauge.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER: 19. til 21. november kan du få med deg festivalen som skal feire Hans Nielsen Hauge i Stavanger.

– Mange meiner han er Norges viktigaste nordmann, og grunnleggar av dagens demokrati. Spelet om han har slått enormt godt an. Me har hatt 27 framsyningar av dette i år, og skal ha ti til før året er omme, fortel Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke livsgnist.

 Aril Schøld (f.v.) på gitar, Svanhild Eggebø Spanne som gardskone, Tor Øyvind Skeiseid som Hans Nielsen Hauge, Silje Vignes Flesjå som pen frue og Tolli Frestad som prest i spelet om Hauge.

Litt for alle

Dei arrangerer festivalen i samarbeid med Stavanger bispedømmeråd og det norske misjonsselskap.

Her skal ein få ei blanding av opplevingar, musikk, historie, byvandring og fagdag.

– Her er det litt for alle. Fredagen er det fagdag, med ulike intervjuer og førelesningar om hans liv og virke. Me går litt djupare inn i Hauge og kva han sto for. Stavanger blei etter kvart sett på som haugianer-hovudstaden, så på lørdag skal me ha ei byvandring i haugiansk fotspor, seier Skeiseid.

 Mímir Kristjánsson frå Raudt tar turen til Haugefestivalen.

Bollestad og Kristjánsson

Lørdag skal det også vera eit seminar der blant anna etterkommaren til Hauge, som også heiter Hans Nielsen Hauge jr., skal vera med og fortella litt om kva dette har å sei for familien.

– Seinare i Nygardens forsamling, som er det eldste bedehuset i Norge, får me bli betre kjend med Jon Haugvaldstad som er ein kjent haugianer.

På søndagen blir det ein haugefest i St. Petri kyrkje. Då kjem blant anna ordførar Kari Nessa Nordtun, Olaug Bollestad (KrF) og Mímir Kristjánsson (R).

– Her får ein spanande intervju og historiske skråblikk. Det blir også ein dialog mellom Olaug Bollestad og Mimir Kristjansson som begge, artig nok, meiner dei går i Hauge sine fotspor. Det er interessant i og med at dei har forskjellige politiske ståsted. Me gler oss, seier Skeiseid.

Publisert: