Bjørg Haugen Østebø frå Talgje jobbar på Gjenbruken i Vikevåg, og har denne gamle, flotte julekrybba til salgs.|Kulørte julelys frå "før i tida".||Ikkje alt er like gamalt i Gjenbruken. Denne moderne julekrybba frå Allessi blei riven bort.|Bodert julekrybbe-motiv. |Gammeldagse julebukkar er populære.|Andreas Hesby i full militæruniform.

RENNESØY:

På Gjenbruken i Vikevåg opplever dei stadig fleire vil ha gammal julepynt.,

– Ja, gammal julepynt har blitt populært. Når me har lagt ut bilete av noko spesielt på Facebook om kvelden, opplever me at folk står på døra når butikken opnar neste dag. Det er ikkje alltid at me som jobbar her forstår kor spesielt ting kan vera, fortel Inger Steinsland.

Sigrid Raugstad frå Rennesøy har sikra seg ei eksklusiv design-julekrybbe frå italienske Alessi. Krybba og figuarane som høyrer med er laga i porselen og malt for hand. Krybbesettet er eit typisk samleobjekt med mange forskjellige deler.

Gammeldagse julebukkar er populære. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

– Eg visste om denne. Eg såg den på Facebook i går, og då er det berre å slå til. Dette er eit kupp, og i alle fall nå som julepynten er halv pris, fortel Raugstad som stod på døra klokka 1100 då butikken opna. Allessi-krybba til Raugstad har mange forskjellige figurar.

Krybba ser heilt ny ut og det er heller ikkje spor etter slitasje på emballasjen.

– Tusen takk, seier Raugstad og rundar prisen oppover. – Det går til ein god sak.

Folk flest har eit forhold til julepynten, og for mange betyr den noko spesielt. Det kan vera minner frå barndommen, arv etter bestemor eller pynt du har kjøpt utanlands eller til ein spesiell anledning.

Kulørte julelys frå "før i tida". Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland

– Eg skulle så gjerne hatt i julestjerne i messing, ei slik me hadde heime då eg var liten, seier Gry Helen Braut frå Bokn.

Braut er på veg til Stavanger, og har lagt turen innom Vikevåg.

Ikkje alt er like gamalt i Gjenbruken. Denne moderne julekrybba frå Allessi blei riven bort. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland

– Eg gjer ofte det. Eg er oppteken av gjenbruk, og likar tanken på at èin og same ting kan gleda mange gonger. Det som eg har blitt lei av og ikkje vil ha lenger, kan vera nytt og spennande for andre. Sett i eit miljøperspektiv er gjenbruk nødvendig for å redusera forbruket. Me er alle nøydd å ta omsyn til klimaet, seier Braut medan ho står med ein juletrefot i handa.

– Eg trur det blir denne. Den er ikkje så ulik modellen eg ser etter, men eg har gitt opp å leita nå.

Etter ein runde rundt i lokalet kjem Braut tilbakemed ei skinnkåpe på armen.

– Er den ikkje fin? Ei ekte Alexander skinnkåpe, den sit perfekt og er lite brukt, fortel Braut, og legg til i det ho går ut av utikken: Det er èin av grunnane til at eg likar gjenbruk.

Bodert julekrybbe-motiv. Foto: FOTO: Rune Nedrebø