Kandelabrar, raud løpar og full middag i Kulturhuset Meieriet
Den raude løparen og blafrande faklar var på plass til ære for gjestene som laurdag kveld inntok Kulturhuset Meieriet i Vikevåg.
RENNESØY: Inne i storsalen var borda dekka med kvit duk, glas med stett og kandelabrar.
Det var første gang Kulturhuset Meieriet prøvde dette opplegget, og eit 60-tals personar hadde innfunne seg til denne festkvelden kor det blei servert treretters middag.
På scena hadde Pål Mangor Kvammen som oppgåve å få lattermusklane på glid, mens Oskar Nordbø stilte med fullt band og ga til beste songar frå den nye plata si «The Dog headed Saint» som kom ut 17. februar.
-Det er ei legende frå den ortodokse kyrkja, og den som vil vita meir må kjøpa plata, seier Oskar Nordbø til Øyposten.
Det er første gang Oskar Nordbø og bandet hans opptrer i Kulturhuset Meieriet.
-Det er eit flott lokale og fine folk, me er glade for å bli invitert til må spela her, legg han til.
Blant dei som hadde funne vegen til meieriet denne kvelden, var Kjetil, Magnor, Charlotte og Bente, alle Finnesand frå Mosterøy.
-Det er eit glimrande arrangement, seier Kjetil Finnesand, som er spent på kveldens program.
-Kulturhuset Meieriet skal nå renoverast, vil det bli eit samlingspumkt i Rennnesøy kommunedel?
-Ja, det trur eg. Me må ha eit samlingspunkt, det er viktig, slår Finnesand fast.
Kvelden baud også på anledning til å takka av David Lilleheim, som har vore leiar i styret for Kulturhuset Meieriet. Han tek nå med seg familien og flyttar til Oman.