I kveld kan du sjå fognabu Halvard Bø på skjermen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Serien kan sjåast på kanalen HeimTV som er mogleg å finne i ulike kanalpakkar frå fleire leverandørar.

Kanalen har laga serien i samarbeid med produksjonsselskapet Tellus og elektrikarkjeda El-proffen.

I haust filma dei Halvard Bøe på jobb i øyane. Her lét TV-folka seg fasinere av blant anna stor variasjon i oppdrag og framkomstmiddel. I ei pressemelding skriv dei:

«Oppdragene er alt frå solceller og prestisjefylte eneboliger til landbruk og oppdrettsanlegg. Å jobbe inne i Ryfylke inneber også bruk av egen firmabåt, og dessutan flittig bruk av ferjer.»

Til tiandeklassingane: Med få dagar att til søknad til vidaregåande skule må sendast, er det kanskje eit tips å sjå serien for å finne ut om elektrikaryrket kan vere noko for deg.