Flott start på «festveka» i Kulturteltet på Judaberg
Festveka i Kulturteltet på Judaberg denne påsken blei åpna av bluesartisten Eric «Slim» Zahl. Han leverte i høgste grad varene med flott bluesmusikk.
FINNØY: Bluesartisten er både ein virtuos på gitaren og har ein flott stemme som kler bluesrepertoaret hans framifrå.
Eric «Slim» Zahl framførte både eigne og andre sine songar. Han var til og med innom Bob Dyland sin «I shall be released», og henta også fram ein gitar frå 50-talet med ein lyd som resonerte flott i øyregangane.
Det var godt besøk under konserten, og responsen frå publikum var stor. Alt i alt var det ei hyggestund for dei som kom på konserten til «Slim’en».
Onsdag kjem Erik «Slim» Zahl tilbake, og denne gongen skal han ha konsert med Svanhild Eggebø spanne klokka 20.00.
Publikum var tydelegvis begeistra for artisten, og blant dei var Kjell Herigstad og Gro Helland.
-Veldig bra konsert med høg kvalitet, skryter Gro Helland.
Kjell Herigstad set pris på «festveka» på Judaberg denne påsken.
– Det er veldig positivt at det foregår noko på Finnøy i påsken, me treng eit tilbud her, seier han, og er også svært nøgd med konserten.
-Eg har høyrt at han er nominert til prisar, det fortener han, meiner Kjell Herigstad.