Ber folk gjere seg klar til julemessa
Normisjons julemesse i Finnøy fleirbrukshall blir i år laurdag 25. november.
– For dei som vil lage ting og gi til messa, kan det vere greitt å gjere seg klar, seier Unni Vignes.
Ho er leiar for julemessa på Finnøy som Normisjon har arrangert sidan 1980. I år blir messa i Finnøy fleirbrukshall laurdag 25. november.
– Messa har blitt ein stor folkefest der me lagar barnas juleverkstad og forskjellig. Over 100 personar er med og jobbar dugnad, seier Vignes.
Overskotet frå messa går i år til Normisjons arbeid for å betre barns vilkår i Senegal, på vestkysten av Afrika.