Aadland spelar i Ottohuset
Fredag 27. oktober blir det ein intimkonsert med Tom Roger Aadland i Ottohuset.
Rockepoet, låtskrivar, musikar og Dylan-tolkar Tom Roger Aadland får strålande kritikk for sitt nyaste album, hans tiande, «Skyer», som han ga ut nå i haust. «Tom Roger Aadland – i skyene, men med begge beina på bakken», skriv Arild Rønsen i Puls.
Tom Roger er frå Vikebygd og skriv tekstar på nynorsk. Han har også oversett mange av Bob Dylans tekstar til nynorsk.
Tom Roger har vore i Ottohuset fleire gonger før; sist i november 2019. I 2019 var han faktisk to gonger i Ottohuset; Utekonsert på kulturfesten i juli med band og åleine inne i november.
Nokre av hans kanskje mest kjende låtar er «Min beste ven på ein dårleg dag», «Vestland vestland», «Alle dei i ei», «Då eg såg deg sist», «Nett som ei kvinne» og «Der eg er no».
I Ottohuset fredag 27. oktober klokka 19.00 får du høyra Tom Roger åleine med gitaren i det som blir ein verkeleg intimkonsert.