Kvart år inviterer Sølvberget barn i Stavanger med på det store leseeventyret Sommarles. Alle barn som skal byrja i 1. -7. klasse kan delta i konkurransen som går mellom 1. juni og 31. august.

Fine premiar

Alle som vil vera med må gå inn på sommerles.no og laga ein profil til barnet eller å bruka profilen frå tidlegare år. Fordi barna er under 15 år, trengst det samtykke frå føresette for å kunne delta, og alle må registrera seg med e-postadresse. For å få poeng er det viktig at alt ein les blir registrert på sommarles.no.

For kvar leste bok som blir registrert på nettsida, samlar du deg poeng og går etter kvart opp i nivå. Det betyr i praksis digitale trofé, i tillegg til fysiske premiar som kan hentast på biblioteket.

Det går an å vera med anten ein les sjølv, høyrer lydbok eller blir lesne for.

På Sølvberget si side lesetips for barn og unge, finn du mange forslag til bøker som er tilpassa alle aldersgrupper.

Sølvberget har arrangert Sommarles sidan 2016. I fjor deltok over 164 000 barn. Rogaland er den mest aktive av alle kommunane. 5511 barne frå Rogaland var med i fjor, og til saman leste dei 74908 bøker, eller 13.6 bøker per deltakar.