I denne idyllen blir det rockekonsert til sommaren

I denne idylliske hagen på Bjergøy, med utsikt over Fårasundet, er det planar om hagekonsert neste sommar.

Her er hagekonserten med «The Real Neils» planlagd til sommaren, med utsikt til det idylliske Fårasundet.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: Det er bandet «The Real Neils» som skal spela opp, laurdag 1. juli 2023.

Det skal skje heime i hagen hos ein av bandmedlemmene, Johannes Bjerga, som har overtatt huset til farfaren, Johannes Thomsen Bjerga. I dag er det feriebustad for Johannes og familien.

Huset til Johannes Thomsen Bjerga, som var farfar til arrangøren.

Fyller tomromet etter «Myrå»

«The Real Neils» har spelt i saman i 23 år, og har spesialisert seg på musikk av den kanadiskfødde rockeartisten Neil Young. Bandet omtalar seg sjølv som eit «lidenskapleg musikalsk prosjekt og ein hyllest til Neil Young». Bandet har fått rykte på seg for å vera Norges beste Neil Young tribute-band, og har over 80 låtar på repertoaret, mellom anna alle dei kjente klassikarane.

-Dette var ein konsert me hadde planlagt til sommaren. Og då me fekk vita at det ikkje blir nokon hagekonsert i «Myrå» på Kyrkjøy neste sommar, passa det ekstra godt å fylla tomrommet, seier Johannes Bjerga til Øyposten.

«The Real Neils». Bandmedlemmene er Øyvind Steffensen (t.v.), vokal, gitar, piano og trekkspill, Johannes Bjerga, gitar, banjo og vokal, Einar Lundegård, gitar, mandolin, pedal steel og vokal, Hans Roger Hansen, munnspel, metallofon, piano, feiekost og vokal, Svein Olav Joakimsen, bass og Arild Netteland på trommer

Han opplyser også at i tillegg til bandet er det mulig at fleire av familiemedlemmene vil opptre. Mellom anna «The Pretty Youngs», som er tre av konene til bandmedlemmene.

-Dei syng veldig bra, forsikrar Bjerga.

Dessutan har han ein musikalsk familie som tel Jarle Børresen - søskenbarn, ex Veslefrikk og også soloartist, dotter til Jarle med artistnavnet «Luli», som var med på konserten i Myrå i sommar, og Johannes sin son Jonahh, som også er i ferd med å etablera seg som artist.

Signy sine lappar

-Men me har ikkje spurt dei ennå, så akkurat kven som skal opptre i tillegg til bandet vårt, er foreløpig litt usikkert, seier Johannes Bjerga.

Han meiner også den idylliske beliggenheten vil gi ei flott rame rundt konserten, med sol til langt på kveld.

-Hagen vår er stor og heilt ideell for ein konsert, nesten som eit naturlig amfi. Med vêret på lag, kan det bli fantastisk. Eg trur også me blir nødt til å servere og selja Signy sine lappar, som, eg har oppskrifta på, legg han til.

Signy Halsne dreiv butikken i Aubøsundet i mange, mange år, og lappane hennar var berømte både vidt og breitt.

-Dessutan synes eg det er litt kult å kunna bruka farfar Johannes sin plass til ein hagekonsert 40 år etter at han gjekk bort, sjølv om eg er usikker på om han hadde gått god for Neil Young og hårlengden hans, avsluttar Johannes Bjerga.

Sommaridyll i hagen hos Johannes Bjerga på Bjergøy.