Har store planar om å lage eit privat kultursenter
Madelaine Gordon Graadahl og Alexander Montgomery-Andersen har planar om å opne kultursenter heime.
Madelaine Gordon Graadahl og Alexander Montgomery-Andersen kunne stolt vise fram kva dei arbeider med då ein delegasjon frå Senterpartiet vitja garden deira på måndag.
Bjarne Kvadsheim, som er folkevald for Senterpartiet og leiar av utval for kultur, idrett og samfunnsdialog i Stavanger kommune, var svært interessert i det ekteparet hadde å fortelje. Med seg hadde Bjarne to partikollegaer, Lisa Medhus Breiland frå Finnøy og Kate Elin Norland frå Madla.
Spiren Scene
Graadahl var tydeleg då ho fortalde kva dei treng for å gå vidare med prosjektet «Spiren Scene», og kvifor Finnøy treng dette prosjektet.
– Me vil arbeide for å bygge løa på garden vår om til eit kultursenter. Senteret vil vera ein stad som rommar både profesjonelle kunstnarar, barn og unge. Spiren Scene skal i tillegg vera ein lokal arrangør for mindre og større aktivitetar med eit bredt kunst- og kulturtilbod.
Graadahl vaks sjølv opp på Fogn kor ho var den einaste med ei større interesse for dans og skodespel.
– Eg hadde berre eit lokalt førebilete som gav meg trua på interessa mi. Det var danselærar Laila. Ho var supergod til å danse, og kunne fortelje om sitt møte med Michael Jackson. Det gjorde at eg kunne tru på at det var mogleg for vesle meg frå Fogn å bli profesjonell dansar, og det vart eg. Spiren Scene skal bli eit senter for stor inspirasjon for dei unge, fortel Graadahl.
Residensprogram
Graadahl fortel også om senteret sitt residensprogram.
– På Spiren Scene vil me ha tilgjengelege overnattingsplassar, så kunstnarar som arbeider med eit prosjekt kan kome hit for ein lengre periode. Det kallast for ein residens, seier ho.
– Når ein arbeider som kunstnar, er det viktig å ha utstyr og lokale lett tilgjengeleg, så på Spiren Scene vil dei finne alt på ein stad og kan jobbe konsentrert. Kultursenteret vil tiltrekke seg fleire profesjonelle kunstnarar som elles kanskje ikkje hadde funne vegen ut til Finnøy og Ryfylke.
Medan kunstnarane er her, skal dei dela av kunnskapen sin med lokalsamfunnet, og det kan skje gjennom undervisning, foredrag eller framsyning av førestillingar. Slik vil senteret generera ei jamn tilstrøyming av kunst- og kulturaktivitetar til lokalområdet.
– Slike senter finst fleire stader i Norge, og det blir meir og meir vanleg å leggje dei til landlege omgjevnader. Dei er populære blant oss kunstnarar, seier ho.
Ho legg vekt på at det ikkje er mogleg for kunstnarar å finne ein stad å arbeide med kunsten sin på Finnøy. Dei må reise til Stavanger for å finne eigna lokale.
Kostbart, men viktig prosjekt
Ekteparet legg ikkje skjul på at denne ombygginga av løa vil koste pengar, men at dette er noko dei gjer for å dekke eit behov som ein kanskje ikkje visste at Finnøy trengde. Det kan finst kunstnarspirer blant dei unge som ikkje veit korleis det er mogleg å leve av kunsten.
Montgomery-Andersen legg til at dei ikkje forventar at ein aktør skal gje all støtta til prosjektet, men at dei lettare når målet når fleire går saman om spleiselaget. Sjølve ombygginga vil koste rundt 2 millionar kronar. Difor har paret bedt kommunen om hjelp, men vonar at private aktørar og kan ta kontakt om dei har moglegheit for å støtte prosjektet.
– Dette er eit prosjekt som vil gje tilbake til Finnøysamfunnet i stort monn. Det kan til dømes vera førestillingar, festivalar, undervisning av barn, unge og vaksne, intimkonsertar eller ved å tilby aktivitetar tilsvarande Kreativ Naturcamp som me arrangerte i sommar. Den har me fått gode tilbakemeldingar på, seier han.
Graadahl fortel at dei også ønskjer å vere ei ressurs i lokalsamfunnet for vaksne som arbeider i skule og barnehage med praktisk-estetiske fag.
– Planane er klare – no manglar berre nokon til å hjelpe til med kostnadane, seier ho.
Kart som viser kor ekteparet vil bygge kultursenter: