FOGN: Biblioteket er ope 24/7 og har dei same funksjonane som tradisjonelle bibliotek. Einaste skilnaden er mengden og uvalet av bøker.

Miniblioteket er utstyrt med ei gjennomsiktig dør som du opnar ved hjelp av lånekortet . Når du har veld bok og lukka døra, får du ein kvittering med informasjon om lånet. Boka kan leveras tilbake på same stad, eller på biblioteket på Judaberg.

Der folket er

– Ja, du låner og leverer bøker på same måte som du alltid har gjort. Har du ikkje lånekort kan du lasta ned eit elektronisk ved å gå inn på solvberget.no, seier leiar på biblioteket på Judaberg, Merete Meling Kindingstad til Øyposten.

- Kvifor Fogn?

– Detter er fordi biblioteka har eit mål om å nå folket der dei er, og kanskje nå nye målgrupper. I tillegg er det visse kriterium som må oppfyllast. Til dømes må skapet plasserast innandørs, det må vera lys, straum og internett, og det må vera tilgjengeleg døgnet rundt.

Minibiblioteket på Fogn er nummer to i kommunen. Det andre står i Stadionparken på Gausel, og har mange brukarar.

– Den vesle erfaringa me har med slike skap er utelukkande god, seier Meling Kindingstad som oppmodar alle til å nytta seg av tilbodet.

Utvalet av bøker skiftes ut etter behov.