Innbyggartorget: Lag den kulaste peparkake-øybuen
Innbyggartorget på Finnøy inviterer igjen til den store peparkakekonkurransen, kor det beste innslaget blir premiert med eit gavekort på 1000 kroner.
FINNØY: -Me gjentek suksessen frå i fjor! Bruk fantasien lag ein pepperkake-rockar», fiskar, dansar, kvinne, mann, barn, kjendis, ja, kva som helst, heiter det i invitasjonen frå Innbyggartorget, biblioteket og frivilligsentralen på Finnøy.
Peparkakefigurane kan pytast med kva som helst, til dømes melis i fleire fargar, snop eller annan pynt som kan gjera peparkaka heilt spesiell.
-Me vil at du lagar peparkake-innbyggjaren i stor størrelse, dvsca 30 centimeter. Treng du ein mal kan det hentast på Innbyggartorget. Det er også viktig peparkake-mannen eller -kvinna er solid, og har eit sterkt hol slik at han eller ho kan hengjast opp på utstilling i Innbyggartorget eller på biblioteket.
Det kan sendast inn ein peparkake-innbyggjar per person, heiter det. Fristen til å levera inn ditt bidrag er innan fredag 18.november på Innbyggartorget, eller innan 19.november på biblioteket som har laurdagsåpent.
Dette er premiane:
1. Gavekort, verdi 1000,- (Hovedpremie)
2. Gavekort, verdi 300,- (Vaksne over 18 år og oppover)
3. Gavekort, verdi 250,- (Ungdommar 14 - 18 år)
3. Gavekort, verdi 250,- (10 - 13 år)
3. Gavekort, verdi 250,- (6 - 9 år)
3. Gavekort, verdi 250,- (1 - 5 år)
Juryen vil kår vinnaren innan 25. november på Facebook judaberginnbyggertorg
og Sølvberget bibliotek avdeling Finnøy. Peparkake-innbyggjarane vil vi hengja oppe på Innbyggartorget og biblioteket frå 1. advendt og fram til og med jul.