Teljefeil gjorde at nynorskvedtak aldri blei fylgd opp

For snart tre år sidan vedtok det politiske fleirtalet å styrkja nynorsken i Stavanger kommune. Men ein feil i protokollen etter møtet gjorde at vedtaket aldri blei fylgd opp.

Publisert: Publisert:
Rune Askeland (mdg) fremja eit forslag om å styrka nynorsken i Stavanger. Ein teljefeil gjorde at vedtaket aldri er blitt fylgd opp.

Av Vemund Norekvål Knudsen

STAVANGER: Etter kommunesamanslåinga skifta Stavanger kommune frå bokmål til språknøytral. Den 25. november 2019 behandla kommunestyret i Stavanger saka «Målform i nye Stavanger kommune». Her blei det mellom anna vedteke at kommunen skulle styrkja nynorsken i administrasjonen, i skulen og ute i
kommunen.

Under diskusjonen i kommunestyret fremja representanten Rune Askeland (MDG) eit tilleggsforslag med 4 punkt for styrking av nynorsken.

Raudt, Ap, Sp, KrF, Venstre og MDG har til saman 35 representantar og ein treng 34 for fleirtal.

Teljefeil

Hanne Navdal Vatnaland i politisk sekretariat i Stavanger.

I protokollen er det derimot skrive at forslaget fekk 28 røyster. Feilen blei meldt vidare til politisk sekretariat.

– Me har sett oss inn i saka og ser at det har skjedd ein teljefeil frå vår side. Det er ein menneskeleg feil, seier Hanne Navdal Vatnaland, avdelingssjef ved politisk sekretariat i Stavanger, til Norsk Tidend.

Dersom eit parti ikkje røystar samla for eit forslag, er det vanleg praksis å presisera med namn kven som røysta for kva. I protokollen er ikkje dette spesifisert, noko som tyder på at alle representantane i partia har røysta for forslaget frå Askeland.

– Kan du presisera kva det er som er talt feil? Er det kva representantar
som røysta for, eller er det kva parti som har røysta for forslaget?

– Det er ein teljefeil. Summen av mandata til partia som røysta for forslaget, er feil. Me har sjekka at det ikkje var nokon som mangla i salen, og at det ikkje var varare-
presentantar som ikkje hadde møtt opp. Det var det ikkje. Det må seiast at det er strenge reglar på at ein ikkje skal forlata salen under votering, svarer Vatnaland.

– Så tilleggsforslaget frå Askeland skulle hatt fleirtal?

– Det stemmer.

– Kva konsekvensar har dette fått for nynorskarbeidet i kommunen?

– Det har betydd at tilleggsforslaget frå Askeland ikkje er del av det samla fleirtalsvedtaket. Så lenge protokollen har vore feil, har ikkje kommunedirektøren agert. Det skulle han ha gjort, dersom protokollen var riktig.

– Får dette politiske eller juridiske følgjer?

– Protokollen frå eit møte blir godkjent av kommunestyret på det etterfølgjande møtet. Dermed har me ikkje moglegheit til berre å gå inn og endra protokol-
len. Me kjem derfor til å leggja fram protokollen til ny godkjenning, med endring om at forslaget frå Askeland har fleirtal. Det betyr at kommunedirektøren
må følgja opp saka, tre år for seint. Det er det dokumentet som er feil, som må rettast opp i, me treng ikkje behandla heile saka på nytt.

Finnøy og Forsand vippa ut nynorsken

Før kommunesamanslåinga var fleirtalet av kommunane i Rogaland nynorskkommunar. Dette medførte at fylkesdirektøren hadde nynorsk som tenestespråk.

Etter Finnøy gjekk inn i Stavanger og Forsand inn i Sandnes, mista Rogaland to nynorskkommunar. Når Stavanger i tillegg blei nøytral, er fleirtalet av kommunane i Rogaland språknøytrale. Dermed er ikkje fylkesdirektøren lenger
plikta til å nytta nynorsk som tenestespråk. Det frykta mellom anna SV at ville bety ei svekking av nynorsken.

SV føreslo i 2018 at Stavanger skulle bli nynorskkommune etter samanslåinga. Argumentet gjekk mellom anna på at Stavanger burde ta ansvar for å styrkja nynorsken i Rogaland og på Vestlandet. Dei har likevel ikkje støtta forslaget til Askeland. Norsk Tidend har snakka med Eirik Faret Sakariassen, gruppeleiar i SV og leiar for Utval for oppvekst og utdanning.

– Kvifor har de ikkje støtta forslaget frå Askeland?

– Eg kan ikkje hugsa nøyaktig denne røystinga lenger. Men min konklusjon er at me må ha røysta feil, for det er ingenting i forslaget frå Askeland me er i mot. Det har kanskje vore ei litt kaotisk avrøysting. Eg og SV er veldig glade for at forslaget eigentleg fekk fleirtal, svarar Eirik Faret Sakariassen.

Høge mål i Stavanger

Marianne Jørgensen, kommunikasjonssjef i Stavanger kommune.

Trass i protokollfeilen har administrasjonen gjort eigne tiltak for å styrkja nynorsken hos dei tilsette. Norsk Tidend har snakka med kommunikasjonsavde-
linga i Stavanger kommune.

– Kommunen har eit mål om at 20 prosent av innlegg i sosiale medium og 20 prosent av nyheitene på heimesida skal vera på nynorsk. Vi oppmodar og motiverer tilsette til å skriva meir nynorsk.

Dei siste åra har vi tilbydd fleirekursrekkjer for tilsette som ønskjer å skriva nynorsk, både grunnkurs i klarspråk og eigne skrivekurs for saksbehandlarar. Dei neste kursa går i november, seier Marianne Jørgensen, kommunikasjonssjef
i Stavanger kommune, til Norsk Tidend.

Ei oversikt frå kommunedirektøren i januar i år viser at målet i sosiale medium er nådd. Dei andre måla er ikkje nådde endå.

– På sikt skal all informasjon på nettsidene vera tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk. Når det er i boks, vil me vera den einaste kommunen i landet som har
innbyggjarinformasjon på begge språka, seier Jørgensen stolt.

I tillegg er nynorskroboten frå Nynorsk pressekontor kjøpt inn og installert på alle datamaskinar i kommunen, for å gjera omsetjingar enklare.

– Nynorskroboten gir oss store moglegheiter og har fungert godt, men omsetjingane krev framleis kvalitetssjekk. Det tar derfor tid, men me er nøgde med at me kommuniserer stadig meir på nynorsk, svarar kommunikasjonssjefen.

Forslaga frå Askeland var som følgjer:

«1.Det bør leggjast betre til rette for foreldre som ønskjer å opprette språklege parallellklasser, medrekna å hjelpe foreldre som ønskjer og samtykkjer til kontakt med andre foreldre.

2.Kommunestyre oppmodar kommunedirektøren om å fremja saker til kommunestyret på nynorsk. Kommu-estyresaker frå Finnøy skal så langt som råd skrivast på nynorsk.

3.På skular som har nynorsk som hovudmål, skal det ved utlysing av ledige stillingar gjerast klart at skulen har nynorsk som hovudmål og at denne målforma er eit spesielt satsings- og ansvarsområde for skulen.

4.Dei kommunale barnehagane i dei nynorske skulekrinsane bør bruka nynorsk både som administrasjonsspråk og så mykje som mogeleg i tekstar dei brukar i det daglege livet med ungane.»