Byr inn til musikalsk håpsreise på Utsyn

Fredag er det konsert med vitnesbyrd på Utsyn.

Frå plakaten til håpskonserten.
Publisert:

Verda over lever kvinner under urett og undertrykking. Ved hjelp av radioprogram og bønnegrupper
får kvinner i ulike delar av verda oppreisning og håp. Norea Mediemisjon er ein del av dette arbeidet
som heiter Håpets Kvinner, og som finst i cirka 130 land.

Fredag 10. november vil søstrene Elisabeth Lillebø Sæth og Anne Birgitte Lillebø Bøe ha ein håpskonsert
på Utsyn Misjonssenter. Her vil dei gjennom song og historier formidla inntrykk frå arbeidet som
reiser opp kvinner og endrar lokalsamfunn.

Eli Fuglestad, bonde, forfattar og forkynnar, blir med og har andakt. Sjølv om det er kvinner som er i fokus, er konserten open for alle. I løpet av konserten blir det servert herleg suppe, kaffi og kaker. Velkomen til Utsyn denne novemberkvelden!

Publisert: