Biskop Ådnøy: Felleskap er eit vern mot det som øydelegg livet
Kyrkjelyden kan vere ei motgift mot alt som øydelegg livet.
Fellesskapa eg har møtt her har den kvaliteten. Takk Gud for det de eig i lag, sa biskop Anne Lise Ådnøy mellom anna under gudstenesta i Sjernarøy-kyrkja
SJERNARØY: Kanskje dei fleste vekkingar går minst eit skritt for langt ut? Eg var tenåring i Jesus-vekkinga. Me song i lag med den amerikanske talaren: «Man and wife asleep in bed, she hears a noice and turns her head, he’s gone. I wish we’d all
be ready».
Orda skapte både frykt og glede. Det trur eg orda til Jesus også
gjorde. Tida han levde i var meir oppteken av endetid og teikn enn kyrkja er her
i landet i vår tid. Skal me tru det evangelistane fortel, peika Jesus på seg sjølv
som det endelege teiknet: han var Guds salva konge, han var Messias. Jesus tala
også om endetida.
Bileta er mange og sterke – dei kallar fram skrekkblanda fryd.
No er det haust i det Herrens år 2022. Me trudde vel ikkje krig var aktuelt i vår
kulturkrets. Vamp sin song om Tirna Noir dukkar opp fleire plassar: «Det er
mørk november».
Me kan stira oss blinde på det som er mørkt og uroar, men
kallet frå Jesus er annleis. Me er kalla til å dela evangeliet, den glade bodskapen.
Av og til må me bli rista i for å lytta ordentleg. Då kan endetidstalar vera
nyttige, men det er ein svært vanskeleg genre. «Så vak då!», seier Jesus.
Det søte liv
Speidarane har mottoet Alltid beredt! Det skal me som kyrkje dela med dei.
Korleis leva vakent? Det er mange krefter som vil sløva oss ned. Me har ein
tendens til å velja det som verkar komfortabelt.
Det søte liv tiltalar oss. Hamsun fortel i boka Pan om ein utvandra nordlending som kjem heim frå «over there».
På krambua må han stå til rettes for kva som var betre i Statane, eigentleg. Det
svaret han sit att med er at det er betre tilgang på søte kaker, og dei er større der.
Det er heile tida noko som vil ha merksemda vår. Me må sjå betre ut, me treng
desse tinga eller kleda eller kremane. Kom og kjøp og bli lukkeleg. Det krev
noko av oss å vera vakne så me kan stå imot presset.
Kor hentar me krafta i frå?
Det er mellom anna når me får vera i lag med folk me kjenner. Eg arbeidde
tidlegare i Hundvåg. Der ville me bli «grøn kyrkjelyd», og gjekk tidleg i gang
med å sortera avfall, sjå på bilbruk og peika på rettferdige varer. Men det som eg
sit igjen med som viktigast var dette: at me blei kjende med naboar. Me blei
tryggare på kvarandre og då blir me ikkje så lettlurte. Då treng me ikkje handla
nytt heile tida.
Kyrkjelyden kan vera ei motgift
Kyrkjelyden kan vere ei motgift mot alt som øydelegg livet.
Fellesskapa eg har møtt her har den kvaliteten. Takk Gud for det de eig i lag!
Tida er ikkje lett å skjøna. Eit barn forklarte meg at ein time var som når
sekunda sto tett etter kvarandre herifrå og heilt bort til veggen der. Det er snart
to tusen år sida Jesus talte om endetida.
Dagen og timen kjenner ingen. Det manglar ikkje endetidsteikn i verda nå heller. Rykte om krig høyrer me om dagleg. Frykta kan gripa oss og gjera oss motlause. Det kjem kanskje an på kven me er, me som høyrer eller lyder. Kven er «kyrkjelyden»? Bibelen peikar på enden som eit håp. Når Guds basun ljomar og Herren sjølv stig ned skal den som er i lenkjer bli løyst og ikkje mangla brød.
Me kan vera ein del av håpet i verda i denne vonde tid. Dersom me er vakne og lyder han som Gud har salva til konge.
Alfred Hauge har skrive ein salme i den røde boka, 850. Her synest eg han får
fram både at tida går, og at me er kalla til å vera til stade i det som skjer:
«Du er Gud over år og tider. Mine dagar er korn i di hand.
Må dei berast av Andens vinddrag og slå rot i ditt åkerland.
Må dei spira i vår og varme,
vinna styrke ved stormharde slag,
vera mogne når korn og agner du skal skilja på domedag.
Og når alt som er tid tek ende, må eg då i eit evig sekund
vera grøde blant førstegrøda, hausta inn frå din åkergrunn.»
Den første og den siste
Han må ha fylgt arbeidet på eit jorde her på øya då han skreiv om kornet.
Jesus samanlikna seg sjølv med kornet: «Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr,
blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.»
Dette perspektivet kjem att i ein salme i Filipparane 2: «Han var i Guds skapnad og
såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men gav avkall på sitt eige, tok ein
tenars skapnad og vart menneske lik.»
Me går snart inn i den månaden der me feirar at Jesus blei født. Då kan me gjerne lesa salmen i Filipparbrevet og ta til oss oppfordringa: «Lat det same sinnelaget vera i dykk!» Kva kan me øva oss på å gje avkall på i adventsvekene?
Og kan me i det heile tatt snakka om korleis me kan leva i pakt med det Meisteren lærte oss utan å bli sjølvgode eller mismodige?
Dei gongene Jesus talar om enden slik han gjer i Matteus 24 er orda hans retta til
dei som er sikre på at dei sjølv høyrer til i Guds rike. Det er ikkje ord til dei som
engstar seg og som seier til Jesus: «eg er ikkje verd at du kjem under mitt tak.»
(Lk7,6)
Tid er ikkje lett å forstå. Enden då Jesus skal koma att for å døma levande og
døde utfordrar til å undra oss over tida sitt opphav. Då held eg fast i ordet frå
Openberringa, den siste boka i bibelen som seier at «Jesus er Alfa og Omega,
den første og den siste, opphavet og enden.»
Himmel og jord skal forgå, men Jesus sine ord skal aldri forgå. Han er det
levande Ordet. Jesus er her nå og kjenner kvar og ein av oss. Fordi han kom for
å frelsa menneske, kan forfattaren i 1.Johannes brev skriva: «Men om hjartet
vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt.»
Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage andre
Som var, er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve