Ja, Bethel er eit gamalt og verdigt hus, eit hus med si historie. Då min far var guttunge, skulle han hjelpa Gabriel Nærland med å bæra kålsekker opp på galleriet. Dette var hardt for far.

Når jobben var gjort, sa Gabriel at far fekk gjera dette for misjonen. Men då blei far til far sint og tok Gabriel ei skrapa, tenk å øydeleggja ein guttunge for misjonen!

Gabriel blei sett til veggs, han måtte i tillegg ut med ei krone.

Bethel blei brukt til mangt. Under krigen kom Stavanger museum med store kassar med diverse ting som skulle gjøymast for tyskarane. Det blei spikra lemmer for alle vindu. Men då krigen var over, forsvant alle kassane.

Så blei det møter og vekkelse samt forreningar som heldt basar, ja med kakeutloddning. Då gjekk me ungdommar saman og kjøpte ei heil bok til kroner 25.

Kvart lodd kosta 25 øre. Som regel vann me, og då var vegen til handelslaget eller meieriet kort – til jentene der – kor kakene blei svært godt mottekne.

Då det var årsmøte for meieriet, troppa alle bønder opp, om dei hadde 2 eller 10 kyr spelte ingen rolle, Bethel blei fullsett.

Første gong eg var på årsmøte var i 1953, eg var 17 år. Følte meg liten, men far ville eg skulle gå. Det kom seg då eg såg ein mann som hadde to guttungar meg seg. Det forstår seg, godtfolk, det var middag å få, ein god middag med store, fine pølser, potetstappa og meierismør.

Deretter wienerbrød og kaffi før sigaren kom fram. Spør om dei kunne røyka, folk såg ikkje taket for røyk dagavis etterpå.

Før middagen var det årsmøte, ting skulle drøftast. Der var ein frå Sjernarøy, eg trur det var Gustav Hidle, han fylgte godt med. Var det ein ting som ikkje stemte, henviste han til vedtektene.

Som regel hadde han rett. Nok ei vanskeleg sak kor dei måtte spørja Gustav. Då svara Gustav, ja, i følge vedtektene. Ordet vedtektene blei derfor ofte brukt om Gustav.

Deretter var det valg av formann. Eg hugsar dei snakka om han som var formann i handelslaget. Han bytte plass med han som var formann i meieriet.

Viss han Rune har plass til Harald`s hjørne har eg ei historie om når meieriet blei innvigd. Det gjekk over lang tid, men moro var det lell!

Harald