Brenda Talgø Kolstadløkken ved Finnøy kyrkjekontor ønsker å spre julestemning.

FINNØY:

Julegåveaksjonen er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og Finnøy kyrkjekontor. NAV Rennesøy og Finnøy tar seg av utdelinga, anonymt, til dei som treng det mest.,

– Jula er ei tid der ein ofte har fleire utgifter enn vanleg. For mange vert dette ein vanskeleg situasjon, seier Brenda Talgø Kolstadløkken ved kyrkjekontoret på Finnøy.

Saman med Ragnhild Valand frå Frivilligsentralen sparkar dei no i gong årets julegåveaksjon.

Ein suksess

Første gong dei hadde julegåveaksjonen på Finnøy var i 2020. Den blei starta etter inspirasjon frå Ålgård menigheit.

Det blir ny julegåveaksjon i år også. Det lovar Ragnhild Valand (f.v.) og Brenda Koldstadløkken. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland

– I fjor tenkte me at me kanskje var litt seint ute før jul, men me prøvde. Me håpa å få inn 10.000 kroner, men me fekk inn rundt 20.000 kroner frå innbyggarane. Givergleden er stor, spesielt når det er jul og gaven går til eit godt føremål i nærområdet. Det gav god motivasjon til å gjere dette til ei årleg innsamling, seier ho.

Mat og julegåver

Med dei innsamla pengane kjøpar dei gavekort på Coop, i og med at dei fleste butikkane i kjeden ikkje berre sel mat, men også andre ting som kan vera julegåver, som leker, bøker, kjøkkenutstyr, også vidare.

– Me leverer gavekorta til NAV og så vurderar dei kven som kan ha behov for litt «ekstra» midler til jul. Me aner ikkje kven det blir delt ut til, men det er heller ikkje viktig for oss å vite. På den måten blir det anonymt for både givarar og mottakarar, seier Kolstadløkken.

Innsamlinga varer til 5. desember, slik at mottakarane kan få gavekorta i god tid før jul. Næringslivet er også velkomne til å bidra dersom dei ønsker det.

Dersom du vil bidra kan du gje penger via Vippsnummer 719152 eller kontonummer 3347.300.1905. Merk bidraget med «Julegåveaksjon».