Fiska etter medlemmer før den store korpsdagen
Onsdag gir dei oss 17. mai-musikken på Finnøy og Ombo. I helga øva dei på kaien.
– Me er heller få og ynskjer sterkt å bli fleire, sier Aslak Bråtveit:
– Det kostar å driva korps. Utanom innkjøp og vedlikehald av instrument går det midler til dirigentløn. Dirigenten vår har opphav på Finnøy, og han kjem til oss på øvingane på torsdagar og ved speleoppdrag.
Treng blest
I finvêret fredag fekk me høyre hornmusikk på kaien utanfor Coopen på Judaberg. Aslak saman med Hilde Turid Hebnes og Målfrid Eggebø hadde stilt seg opp for å øve, som dei sa, og for å live litt opp.
– Me spelar noko frå skulesongbøker og sumt etter Evert Taube. Me må lage litt blest kring korpset, seier Aslak.
Øyposten slår seg ned på ein benk og finn middag frå menyen til Cindy’s matvogn medan me kosar oss med musikken. Judaberg sentrum har meir å by på enn ein skulle tru ein maidag. Kva med å leggje ein konsert hit under neste års MaiJazz? som har rulla og gått inne i byen den siste veka.
Den store dagen
Tidlegare i vår hadde Rennesøy musikkorps konsert med «glitter og glam» på Østhusvik grendahus, der dei spela Grand Prix-sangar.
– Eg var imponert over konserten til Rennesøy-korpset. Det hadde vore moro å fått til noko liknande hos oss, seier Aslak.
Onsdag, på nasjonaldagen, spelar Finnøy musikkorps på Finnøy og Ombo. Då er dei mest umistelege.
– Me har òg hatt oppdrag i Fleirbrukshallen, ved ein åremålsdag, ved tenning av julegran, i kyrkja før jul og under tomatfestivalen, fortel Aslak:
– Har du lyst til å spele eit instrument og bli med i eit sosialt lag, så hiv deg med på ei øving.