Difor heiter det Judaberg
Namnet Judaberg har ikkje noko med jøde å gjere, men med jyde, ein frå Jylland.
– Spørsmålet er, kor kom namnet Judaberg frå? Min far kom i samtale med
Åsmund Salvesen, som var rektor på Rygjabø Amtskule. Han hadde si historie, skriv lokalhistorikar Harald Få i eit innlegg til Øyposten:
– I opphavet var namnet Hagaberg. Så kom Norge inklusive Finnøy under dansk styre. Då blei ein danske frå Jylland sett til å styre Finnøy.
Dansken Sefrinn Iude dreiv handel på Hagaberg omkring 1520. Han kom frå Jylland og var såleis jyde. Førsteleddet i Judaberg siktar til dette, ifølgje Store norske leksikon.
Harald Få har høyrt at denne dansken var svært lite likt.
– Han var som ein konge og rådde over alt. Folk snakka berre om jyden på berget. Hagaberget kom bort, og så blei det Judaberget, seier Harald.