Simon Stranger kjem til biblioteka i Finnøy og Rennesøy kommunedelar den 20. september. Foto: Agnete Brun

Når han kjem til Finnøy og Rennesøy bibliotek, vil Stranger halde foredrag om den nye romanen sin, Museum for mordere og redningsmenn.

Han har tidlegare skrive dokumentarromanen Leksikon om lys og mørke, som vann Bokhandlarprisen i 2018. Den handlar om jødearrestasjonane i Noreg under andre verdskrig. Den nye romanen til Stranger er ein frittståande oppfølgar av denne.

Sølvberget skriv om Museum for mordere og redningsmenn: «Kvart kapittel er ein sal fylt med gjenstandar, fotografi og minne. Til saman dannar dei ein mosaikk frå verda til røyndommen, der kvar bestanddel avdekkjer ei historie så merkverdig og makaber at ho overgår fantasien».

Simon Stranger er fødd og oppvaksen i Oslo, og har arbeidd som forfattar sidan 2003.

Han har blant anna skrive Kokotopia-serien, som er ein serie med illustrerte barnebøker om verdshistorie.

Også Heidi Marie Vestrheim kjem til Finnøy og Rennesøy, og ho vil halde foredrag for inviterte skuleklassar. Ho tek med seg debutboka si om Jenny Fender.