Styreleiar i Tomatfestivalen, Arne Bergøy til venstre, representant for Vella Mango, Even Isachsen til høgre. Foto: Silje Talgø Klakegg

Mango stiller som festivalarrangør også i år - no under nytt navn, Vella Mango. Leiar i Vella Mango er Even Isachsen.

– Årets program er svært likt det som har vært før, men enkelte arrangement har blitt gitt til andre aktørar. Publikum vil oppleve at festivalen er den same.

Bergøy fortel at dei vil følgje same opplegg som i fjor, med kjende aktivitetar for publikum.

– Det startar med Tomatkonferansen på torsdagen, og me vil arrangere diskotek for dei unge. Opninga av sjølve festivalen blir fredagen på skulen. Då blir det Tomatjegerløp, fortel han:

– Fredagskveld vil det bli quiz for dei litt eldre. Festivaldagen vil vere som tidlegare, med utstillarar og underhaldning. Det heile avsluttas på søndagen med Griegløpet og Finnøymarsj i samarbeid med Finnøy Idrettslag. Og det blir konsert i kyrkja søndag kveld. Dette blir bra! seier Bergøy.