-Furre var utruleg naiv i kontakten med Øst-Tyskland
Berge Furre vare ein av dei betydlegaste politikarane i landet, men når det kom til kontakten med Øst-Tyskland var han både «utruleg naiv» og styrt av ideologisk overtyding.
FINNØY: Det hevdar Arnhild Skre, som har skrive biografien om Berge Furre. Onsdag var ho først i biblioteket i Finnøy, og seinare på kvelden i biblioteket i Rennesøy for å snakka om boka si.
Opphavleg var det Bergens Tidende-journalist Olav Kobbeltveit som jobba med ein biografi om politikaren, teologen og forfattaren frå Bjergøy i Sjernarøyane, men etter at han blei sjuk overtok Arnhild Skre jobben.
Arnhild Skre stilte spørsmål ved om Furre eigentleg kunne reknast som rogalending, etter som han hadde budd mesteparten av sitt liv i hovudstaden. Dit flytta han i 1950.
Berge Furre var forlova tre gonger, gift to gonger og blei far første gong i 1974. Skre omtalar Furre som ein brubyggjar, som meistra den nesten umulige oppgåva å halda SV saman. Han var parlamentarisk leiar i to år, og partileiar i sju år fram til 1983.
Denne evna kom også vel med då han som leiar av landbrukskomiteen fekk vedtatt at bøndene skulle tena like mykje som i industrien.
-Då snudde trenden i jorbruket, og alderen på bøndene fall drastisk. Dessutan var landet på veg inn i oljealderen, og dåverande finansminister Per Kleppe tenkte nok at dette har landet råd til, seier Skre.
Møte med Stasi-agent
For å sleppa unna partibråket søkte han stundom tilflukt i stortingsmann Eliseus Vatnaland sin gamle hybel i Oslo. Elisæus Vatnaland gifta seg med mor til Berge, etter at far hans døydde 25. september 1951.
På spørsmål frå salen kom Arnhild Skre inn på kontakten Berge Furre hadde med Øst-Tyskland. Mellom anna blei han observert av politiets tryggingsteneste (POT) i to samtalar med den Øst-Tyske «handelsattasje» Dieter Horst Stropp. Stropp jobba eigentleg for den Stasi, og blei seinare utvist frå Norge.
Kontakten med Øst-Tyskland er fyldig omtalt i biografien. I boka hevdar Stropp at Furre ga han namn på norske journalistar som kunne tenkjast å bli med til Øst-Tyskland, og råd om korleis han burde nærma seg dei.
– Furre var nok ideologisk motivert og «utruleg naiv» i kontakten med Øst-Tyskland. Mellom anna var han svært positivt til den aust-tyske landbrukspolitikken med jordbrukskooperativer.
Men det er ingen ting som tyder på at Furre var i nærleiken av å begå straffbare handlingar, understrekar Arnhild Skre.
Turbulent periode
I boka skriv Skre at Furre seinare meinte kontakten med Stropp bare var sporadisk, og at han hadde levert namnelister til han, var «usannsynleg». Men dette var ein svært turbulent periode i livet hans, legg han til.
«Om Stropp overdreiv i rapportane heim og Furres minne kan ha vore svekt av meir enn tre tiårs avstand, er det grunn til å lita på dei samtidige POT-opplysningane. Dei tyder på at Furre hadde i alle fall eitt grundig møte med Stropp, truleg også eitt til, og at Furre ved to høve sende nordmenn vidare til Stropp eller til andre som kunne hjelpa interesserte med invitasjonar til DDR. Dette er mindre enn Stropp hevda i rapporten heim, men meir enn Furre sjølv skreiv at han hugsa, står det i boka.
Ifølge Arnhild Skre gjekk Furre inn i ein tung periode då Berlin-muren fall i 1989, og mista trua på sosialismen. Men 10 år seinare, blomstra trua på sosialismen opp igjen etter eit besøk i Brasil.
Skre dvela også ved at «bygutten» Furre, som snakka perfekt Oslo-mål, blei oppteken av nynorsk og bygdesaker. Mellom anna var Furre ein sommar i Telemark for å læra seg å snakka nynorsk.
-Frå 1.juli 1955, talar eg nynorsk, proklamerte Furre ifølge Skre. Furre var den første sidan 20-talet som blei eksludert frå Ap, ei dramatisk hending, som prega Furre seinare. Etter dette blei han meir forsiktig, hevdar Arnhild Skre.
Furre blei ofte karrikert i bunad, som ofte er merkelappen på ein frå bygda utan særleg kunnskap. Men bunad, ein rogalandbunad, fekk han ikkje før til 60-årsdagen sin i 1997. Berge Furre døydde i januar 2016 etter å ha fått alzheimers i 2009, og urna hans er sett ned ved kyrkja på Sjernarøy.
Arven etter Furre oppsummerte Skre slik: Bygdeentusiast, folketalar i to EU-kampar og bondehelt. Han var også den første frå SV til å bli vald til Stortinget frå Rogaland. Røystene kom i hovudsak frå Stavanger og Sauda, ifølge Skre.