Sprudlande julekonsert av Rennesøy Musikkorps i Talgje-kyrkja

Rennesøy Musikkorps ga ein flott julekonsert i Talgje kyrkje søndag, som hadde fortent eit endå større publikum.

Rennesøy Musikkorps under sin dirrigent Nigel T. Fielding (nærast) ga publikum ei flott konsertoppleving i kyrkja på Talgje søndag.
Publisert:
Grete Meling og Matilde Østebø var strålande nøgd med konserten.

TALGJE: Kjente og kjære julesongar stod på programmet då Rennesøy Musikkorps for første gong hadde konsert i Talgje-kyrkja.

-Me hadde julekonsert i Hausken kyrkje på fredag, og hadde lyst til å gje repertoraret til gode også på Talgje, seier kasserar Sigrid Raugstad i Rennesøy Musikkorps til Øyposten.

Dessverre var det litt glissent på benkeradene, men det var trass alt betre enn under julekonserten i Hesby kyrkje i fjor, kor det bare kom ei handfull publikummarar. Men kanskje var det korona’en som spela inn på besøket.

Nye krefter i Rennesøy Musikkorps: Mathias Tessem (t.v.), Saskia Lutz og Ravn Alec Michael Løland Gundersen.

Dyktig dirrigent

Dei 11 som møtte fram til konserten i Talgje-kyrkja, fekk uansett ei fin oppleving. Under sin dyktige dirrigent Nigel T. Fielding ga musikkorpset til beste julesongar som «Christmas Swingalong», «Tre nøtter til Askepott», «Nordnorsk julesalme» og ikkje minst «White Christmas», som stod godt til det kalde og snødekte landskapet i øyane.

Brita Nærheim krydra julekonserten litt ekstra med å lesa frå «Johanna og Broremann» av stavangerforfattaren «Ajax», Andreas Jacobsen.

Brita Nærheim las frå «Johanna og Broremann».

Pensjonert organist Ole Hodnefjell var også med, og spela musikkverket «Preludium og fuge» av Johann Sebastian Bach. Konserten blei avslutta med allsang av den mektige salmen «Deilig er jorden», kor både musikkorpset og organisten deltok.

Korpset har øvd på jule-repertoaret sidan begynnelsen av oktober, og det høydest godt. Dei erfarne og flinke musikarane leika seg gjennom julesongane, med fine og artige arrangement.

Pensjonert organist i Rennesøy, Ole Hodnefjell var med som gjestesolist.

Nye krefter i korpset

Rennesøy Musikkorps kan også gleda seg over å ha fått inn yngre krefter i korpset. Det er Mathias Tessem (16) frå Østhusvik, han spelar kornett, Saskia Lutz frå Sørbø (18), som spelar trombone og Ravn Alec Michael Løland Gundersen (15), også frå Østhusvik, på baryton.

To av dei som let seg imponera av konserten var Grete Meling og Matilde Østebø, begge frå Talgje.

-Det var ein veldig flott konsert, heilt nydeleg og flott lyd i kyrkjerommet, seier Grete Meling, som kom i skikkeleg julestemning då korpset og organisten stemde i med «Deilig er jorden».

Talgje kyrkje i vinterskrud.