Snøklokkehagen på Ytre Ladstein
På Ytre Ladstein er det ein utruleg hage kor bakken skin kvit som snø om våren. I hagen er det tusenvis av snø- og klostereklokker som helsar våren velkomen.
FINNØY: Heilt fram til 1964 stoppa vegen her. Det var det ydste garden du kunne kjøra til. Men snart blei vegen opna vidare til Vignes, og då kunne folk køyra rundt øya.
Du må opna hagegrinda for å oppdaga kor flott hagen er, den ser du ikkje frå vegen. Fine steinmurar omkransar deler av hagen. Rett ovanfor det vakre bustadhuset frå 1864 i empirestil med teglpanner er det eit innbydande eldhus mura i gråstein. Ei solid steinhelle står stødig på to firkanta steinar, og lagar ein flott kvilebenk mellom dei to inngangane med dører i fiskebeinsmønster, grøne og raudmåla.
Langst steinveggen kryp ein vintersjærsmin med gule blomar. Den kan til og med bløma før jul.
Her må det vera godt å kvila seg etter ei økt i hagen, og nyta solvarmen frå steinveggen.
Men, det er snøklokkene me skal snakka om. Dei dekker bakken under buskas og stiar, eit teppe i kvitt. Det er Anna Ladstein Meland som eig denne idyllen på Finnøy. Hagen har gamle præretre, epletre, buskar, rosebed, krokus og nokre kunstferdige klypte buskar.
-Eg må leika meg litt med hagesaksa, innrømmer Anna.
Ved inngangen står ein høgreist hagtorn, som blømer blodraud når varmen kjem til Ladstein. I ein solbakke utfor huset er det planta gammaldagse påskeliljer som lyser i gult når påsken nærmar seg.
Men, det var snøklokkene me var komne for.
-Korleis er dette kome i stand?
Anna Ladstein Mæland seier at foreldra hennar, Ida og Nils Ladstein, også var interessert i hage.
-Den interessa har eg arva. Eg gjer ikkje noko anna enn å ruska litt med riva i jorda. Kjem det opp nokre laukar røter dei seg raskt og spreier seg på den måten, seier ho.
Ho viser oss også ei snøklokke som er dobbel, kor blomen er heilt fylt av vakre kronblad.
Ida og Nils Ladstein planta også dei litt større klosterklokkene i hagen. Dei begynte med 10 laukar, som nå har spreidd seg og dekker bakken mange stader. Her er det også riva som har gjort jobben.
Det er også ulike typar pil i hagen, som Anna Ladstein Mæland forklarer er i slekt med selja. Og det er lett å sjå, for på greinene er det tett i tett med lodne gåsungar. Dei er kvite nå, kanskje med eit lett skjær av rosa, men seinare blir dei gule.
Hagen er eit par mål, ligg solvendt mot sør og med fri utsikt mot fjorden, Talgje og Rennesøy i blådisen.
Dette er framsida av Finnøya, slår Anna Ladstein Mæland fast.