Dei foreldrelause barna har det ikkje bra på barneheimen, men dei passar alltid på kvarandre. Foto: Silje Talgø Klakegg

KOM-prosjektet samlar kvar vår alle sjuandeklassingane i Finnøy kommunedel. Mange har allereie gått saman på Finnøy skule i fleire år, men snart vil elevane frå oppvekstsentera begynne på ungdomsskulen på Finnøy. Då er det bra at dei kan nytte ei heil vårveke på å bli kjende med kvarandre.

Dette gjer dei ved å setje opp ein musikal. KOM står for Kreativt Oppvekstmiljø og har vore ein tradisjon ved Finnøy skule i mange år. I år var 49 elevar med på prosjektet.

Då klokka bikka 18.30 senka roa seg i Kulturstova. I salen sat spente foreldre, besteforeldre, søsken, tanter, onklar og naboar. På scena låg foreldrelause barn i køyesenger og bandet sat klar til å spele opp.

Gjennom ein klokketime fekk publikum reise gjennom heile kjensleregisteret, frå gleda over samhaldet blant barna på barneheimen, til sinne over frøken Hannigan si kjefting og redsle for at Annie skulle bli lurt av svindlarane.

Journalisten vil ikkje bli overraska viss nokre av desse skodespelarane blir å sjå på Broadway om nokre år. Heile gjengen var rett og slett utruleg flinke. Både hovud- og birollene, dei som arbeidde med kulisser og medium, og ikkje minst bandet, sørgja for ei fantastisk musikaloppleving.

Tusen takk til Finnøy skule for ein kjekk kveld.