Små solgløtt mellom regnbygene på musikkfesten i Myrå
Publikum hadde kledd seg for vêret, då den andre hagefestivalen i Myrå på Sjernarøy gjekk av stabelen fredag. Det var nødvendig, for regnbygene kom tett, men med små solgløtt inn imellom.
SJERNARØY: -Me er veldig fornøyd med festivalen, oppmøtet var heilt strålande trass i vêret og mange fjåge folk, seier Mari Hauge til Øyposten.
250 hadde møtt fram til årets festival, som gjekk av stabelen for andre gong.
Bak hagefestivalen i Myrå på Kyrkjøy står Hanne Vasshus, som eig småbruket, og Mari Hauge. I år hadde dei også fått med seg gjesteartist Luli, Julie Enger Børresen. Både Hauge og Børresen har røter på Sjernarøy, mens Vasshus er fastbuande der.
-Det blir festival neste år også, slår Mari Hauge fast.
-Me kan ikkje gi oss nå, når me er komne så godt i gang. Nå skal me sveva litt på festivalbølga, før me tenkjer på neste års opplegg. Men å ha med ein gjesteartist freistar til gjentaking, og me har fleire gode namn me tenkjer på, seier ho.