Pia Myrvold har funne draumestaden på Fogn

Etter 30 år som anerkjent kunstnar og motedesignar i verdsmetreopolen Paris skal Pia Myrvold snart ha utstilling i sin nye heim på Fogn.

Etter berre fire veker på Fogn er ho klar med ny utstilling. Her med to av bileta
  • Oddbjørg M. Måland
Publisert: Publisert:

FOGN: - Å bu og jobba her er noko av det mest lukseriøse eg kan tenka meg.

Verda er inne i ei uroleg til på mange område, difor kjennes det rett å komma tilbake til Norge no.

Ny tid

Det har med fridom, rein luft, god plass, krig, klimakriser og aukande fascisme å gjera. Mange av storbyane i verda er forureina og lufta ligg som eit oransje teppe av gruff. Då er det ganske ekslusivt å kunne pusta inn rein luft og ha nok plass å bolta seg på. Vekke frå elendegheita. Ein tenker kanskje ikkje over det før ein har opplevd noko anna. Eg har rett nok ein liten leilighet i Paris som eg kan reisa til om lengselen skulle bli for stor. Og det vil sikkert skje, for eg har ei dotter som bur der og som går i mine fotspor, fortel Pia.

Hagen er ein av favorittplassane. Her skal det skje ein del i framtida.

– På sett og vis har eg oppnådd det eg vil som kunstnar. Det er ikkje meir igjen som eg higar etter å læra, prøva eller gjera. Eg vil framleis behalda nettverket mitt, men no vileg vidare, gjera ting eg ikkje har gjort før. Og på Fogn har eg jo ikkje gjort noko som helst før, difor gler eg meg til å starta litt sånn på nytt igjen her. Det opplever eg som spennande og utviklande.

Sist veke fekk ho Rogaland fylke sin kulturpris.

Mange moglegheiter

Det er berre 14 dagar sidan Pia overtok eigedommen i Sæbævåg. No er ho stolt eigar av eit stort naust med brygge, pakkhus og ein gamaldags hage med bekk som renn gjennom tomta. Nyleg fekk ho seg ein flott trebåt frakta frå Forsand.

– Eg er faktisk ganske flink å ro. Det skal bli kjekt å kjenna magemusklane jobba litt igjen.

Naustet er ein av dei nye favorittplassane.

Loftet i hovudhuset er inneia til sy-atleIier, det må ein topp 100 designer og moteskapar i Frankrike ha. I underetasjen er den eine delen av butikklokalet under omfattande renovering. Her blir det snart galleri, prosjektrom og arbeidsrom. Den andre delen er i ferd med å fyllast med fargerik kunstverk på veggene, og skal førebels vera slik den er.

Om vel ei veke, laurdag 9. juli skal ho ha sin fyrste utstilling på Fogn. Dagen før, den 8. blir det «generalprøve» for dei som vil vera tidleg ute. Utstilliga skal henga gjennom heile sommaren.

Pia Myrvold beherskar mange kunstformer.

Ho har store planar for framtida og den gamle butikken i Sæbøvåg.

– Eg har lyst å utvikla plassen, både inn -og innvendig. Det er utruleg mange moglegheiter her, så eg ser eg føre meg å få til mykje kult på sikt.

– Fortel, kva er planane?

– Eg ser føre meg å laga ein liten salsplass med lokale produkt, gjerne i samband med utstillingar. Her kan folk komma med eigen båt. Dei kan ha med seg eigen mat og kosa seg på området med kunstutstilling, mat og kanskje med eit eit glas vin. Folk kan gå på tur, bada i sjøen på sommarstid, eller berre nyta den vakre naturen. Planen er å laga ein instalsjon i pakkhuset. I og for seg er pakkhuset allerie ein installasjon, men det skal skje noko der på sikt. Elles vil eg ha eit drivhus og eg vil dyrka mat.

Mediakunst

Pia Myrvold er kjent for sine mange uttrykksformer. Ho utforskar teknologi og digital kunst, og er banebrytande innan i sjangeren ny mediakunst. Ho har blant anna hatt foredrag for New Tork Timesog er blant dei aller mest kompetente på området. På sikt er målet å laga filmar med kunstnarisk uttrykk.

Det er mykje energi i og rundt Pia Myrvold

Eit av hennar mest spesielle prosjekt er The Sumerians on Holiday, som er eit prosjekt om menneske frå ei futuristisk fortid.

– Dette er eit artig grep eg gjorde i forbindelse med mitt 40 års jubileum som kunstnar. Fortellinga er veldig søt og handlar om små skapningane få ein ukjent stad som kjem til jorda og er interessert i læra om humanitet og menneska som bur her. Eg har eg gitt meg sjølv det kunstnariske oppdraget og visa dei det, i forskjellige utrykksformer. Eg veit dei vil til Fogn, og læra om ting herifrå, og gler meg til å visa fram denne vakre øya, smiler Pia.

  1. Pia Myrvold