Cindy Falkeid har suksess med si nye matbod.

SJERNARØY:

Arrangementet skal stort sett gå ut på det same som Sjernarøymarken, men her blir hovudfokuset på jul.,

– Me tenkjer det er på tide å starte opp med eit julemarked. Det blir kanskje ikkje helt på høgde med «Winter Wonderland» i Hyde Park, London allereie i år, men ein må jo starte eit sted, skriv arrangørane på Facebook-arrangementet.

Nokre av tilbydarane som tidlegare er sagt skal koma:

Cindy’s Små gleder, Søt Donuts, Ryfylke Bakeri & Konditori, Terje Hidle, Sjernarøy Honning, Vassbø design, Elevbedrifta "Godt Gjort Randaberg", Ryfylke Lefsebakeri, Sjernarøy Husflidlag, "Trearbeid - barn", Magic Formingsglede, og Sykollektivet.

Her kan ein altså finne julestemning med pynta juletre, julelys, gløgg og bålpanne frå klokka 11 lørdag morgon.