Frå fjorårets gudsteneste på fruktøya Byre. Foto: Rune Nedrebø

Søndag 30. juli klokka 12.45 blir det for tredje år på rad halden ein utegudsteneste på Byre. Tidlegare sokneprest i Finnøy Tor Egil Eriksen forrettar, slik han har gjort dei to føregåande åra.

Musikarar frå lokale hytter medverkar, både frå familien Mossige og John Christer Vesttun og Chatrine Hovland.

– Det er kjekt å kunne invitere til ein utegudsteneste med så mange musikalske bidrag, både song, blåseinstrument, gitar og piano, seier dagleg leiar Heidi Bø Sangedal i kyrkja i Finnøy:

– Me får vere på marka til Kari og Gudmund Byre i fine omgjevnadar. Lyd og praktisk tilrettelegging skjer via rigging frå Fogn og ein lokal komite der. Det blir sett opp benker kor folk kan sitte, så får me håpe at det i alle fall blir opphaldsvær.

Dei har telt til scenen, men folk må elles kle seg etter været.

– Det blir kyrkjekaffi etterpå med god tid til drøs, seier Sangedal.

Dei som vil kan bruke eigen båt og legge til i Djupevik. Elles er det Ryfylkeferja frå Judaberg klokka 11.40 med retur 15.20. Frå ferjekaien er det cirka 10 minutt å gå.

– Velkomen til ein flott søndag på Byre, seier kyrkjeleiar Sangedal.

Kart som viser Djupevik på Byre: